Tag Archives: Vietnam

Dag 25, 26 og 27 – Vietnam – Halong Bay

Heile poenget med aa dra til Hanoi var aa komme oss paa baattur til Halong-bukta, ein UNESCO-verdensarv plass. Halong Bay oversettes til noko saann som “Drage-bukta”, fordi den er full av smaa (og nokon store) oyer av kalkstein som ser ut som drageegg. Totalt er det vel 3000 oyer, men “berre” 2000 som vert rekna som verdensarv.

Dag 25: Vi blei plukka opp paa hostellet saman med ein 10 andre unge folk (Canada, Australia og UK var sterkt representert) og kjort dei 3 timane til Halong City. Der blei vi innlosjert paa ein baat, som morsomt nok vert kalla for “junk”. Det vil seie: “Welcome to our junk”, heh, det hores rett og slett veldig funny ut! Men baaten var slett ikkje soppel, den var kjempefin og veldig koselig! Hadde ikkje forventa aa faa rom med eige bad, varmtvatn, A/C og ja, luksus! Maten vi fekk servert var og skikkelig fin, kokkane hadde brukt masse tid og energi paa presentasjon, det er heilt sikkert.

Halong Bay
Halong Bay er fint, men sjolv paa ein saa klar dag blir det daarlig sikt.

Aktivitetane idag bestod i aa baate til ei oy der vi fekk omvisning i ei veldig stor grotte. Det var vel berre semiinteressant. Guiden vaar brukte mest tid paa aa peike ut stalagmittar som likna kyllingar eller damer, naar kanskje historien om plassen er meir interessant (T.d. hadde soldatar brukt grottene til aa goyme seg i under krigen for uavhengigheit fraa Frankrike). Etterpaa saa padla vi litt rundt i tomannskajakk. Det var ganske mange turistar ute, heile bukta er full av junks (og eindel soppel generelt, men det kan virke som om dei ryddar opp innimellom), men vi var heldige og holdt oss heile tida foran dei store massene. Saa vi fann oss ein “tunnel” som leda inn i ei lukka bukt der det var veldig fint og deilig fuglekvitter. Resten av dagen laag vi for anker og berre slappa av paa baaten. Var astronomiske prisar paa olen saa det blei ein rolig kveld. Karaokemaskina virka heller ikkje, saa det er vi vel ganske glade for eigentleg… :) Vi har forresten vore veldig heldige med vaeret! Fine 25 grader (tippar eg) og sol. Vi traff jo paa ei fransk jente i Kambodsja som hadde opplevd 10 grader her. Det er jo vinter visstnok ;)

Junk
Avslapping paa vaar Halong Bay Junk. Deilig :)
selgar
Til og med her blir vi "plaga" av selgarar...
Solnedgang i Halong Bay
Solnedgang i Halong bay, med masse junk paa sjoen (knis)

Dag 26: Sov godt, men kunne godt hatt eit par timar til. Tidleg frukost, som var ein gedigen skuffelse. Toastloff i dag og! Med syltetoy som bestaar av 60% sukker, 25% baer og resten fargestoff, og ekkelt smor. Heldigvis hadde dei egg og iom at halvparten av folka her er vegetarianarar (raringar) saa kunne eg jaffal forsyne meg med det. Sidan vi kom opp nord i Vietnam saa har eg slitt skikkelig med appetitten, er sulten konstant! Veldig rart, det maa rett og slett vere saann at apetitten min blei heilt bedovd daa vi var i varme strok lenger sor. Saa gaar rundt og smaaspiser paa peanotter og Oreo-kjeks, ikkje akkurat ideelt. Blir rett paa diett naar eg kjem heim! Uansett, vi maatte av baaten til kl 8, daa vi la til kai paa Cat Ba Island, ei ganske stor oy. Der gjekk vi forst paa “fjelltur”. Fjell i hermeteikn for aasen var berre 220 moh, og vi var allerede ganske hogt daa vi starta. Men det var bratt og vi fekk skikkelig puls. Deilig med litt trim! Omtrent som aa gaa paa Kaldestadaasen, berre litt kortare. Toppen vi kom opp paa hadde vel berre plass til saann 10 personar, saa vi snudde med eingang vi kom opp, det var nemlig 40 til paa veg… Saa drog vi til hotell i Cat Ba “City”, som berre bestaar av hotell og pubar, eller Bia Hoi, der Bia staar for Beer. Uttales med skikkelig Arnold-aksent :D Vel, i folge meg daa… Etter lunsj drog vi ut paa ein liten baattur til Monkey Island. Her var det ei fin strand med masse skjell og fine svarte lavasteinar (plukke plukke plukke), men det var ogsaa aggressive apekattar her… Vi kom dit sammen med kanskje 30 andre turistar, deriblant nokon idiotiske asiatar som gav dei sjokolade og ol (passar bra med inntrykket av at asiatar berre tar null hensyn til baade folk og natur) saa det er jo ikkje rart at apene blir bra spro av ein saann diett. Problemet er at naar dei har spist opp saa vil dei ha meir og daa kjem dei springande. Dei har og laert seg at folk har saann snacks i sekkar og posar saa det gjeld aa holde fast paa sakene sine. To andre nordmenn hadde ikkje faatt advarselen om at apene var saa aggro, saa daa dei hadde gaatt litt opp i aasen for aa faa utsikt saa hadde dei blitt omringa av dei, olboksar og  vannflasker stjelt ut av posen deires og tilslutt blei dei angrepet, begge to med blodige bitemerker aa vise til. Rabiessproyter neste… Saa den forste halvtimen var veldig fin og avslappande med soling paa stranda, den neste saa stod eg og Tuva i vannkanten med sekken paa ryggen klar til aa legge paa svom for aa flykte!

Hus paa vatnet
Her bor det folk som fisker. Visstnok er dei rike. Det fins mange smaa klynger av saanne hus, fiskerlandsbyer, eller fiskervannsby!
Monkey Island
Paa veg til Monkey Island, saalangt berre folk paa stranda og ingen apekatter
apekatt
Turde berre aa driste meg til eit kjapt bilete for eg pakka kamera i sekken, klar til aa legge paa sprang. Og eg som i utgangspunktet misliker apekattar. Heldigvis ingen klovner her i tillegg...

Dag 27: Hotellet vi budde paa var ein slags blanding av fint og cheesy, men det hadde den beste senga vi saa langt har sovd i paa heile turen. Var derfor litt lei meg for at det blei saa lite sovn, noko som var vaar eigen feil daa vi gjekk ut for aa drikke litt ol paa kvelden. Er jo fint aa vere sosial med dei hostellfolka daa! Var heldigvis lite som stod paa programmet: sette seg paa baaten og dra tilbake til Halong City, der vi spiste lunsj. Har blitt veldig lei av den maten no, faar servert berre det samme, alle dagene. Problemet er jo at det ikkje er proporsjonert for vestleg apetitt, pluss at det er saann tapas-aktiv, med bittelitt av fleire rettar. Inkludert ein rett med blekksprutarmar og sugekoppar, AESJ!

Det var godt aa vere tilbake til hostellet igjen for aa slappe av med hjernedau tv-titting. Problemet vaart no er berre at sidan vi prover aa unngaa aa ta ut meir vietnamesisk Dong (hehehe) fordi den er ubrukelig og uvekselbar, foer vi reiser til Laos paa mandag, saa lever vi paa eit heilt utrulig begrensa budsjett. Blei heilt paa graaten daa den eine brodskiva mi spratt ut av brodristaren og paa gulvet (3 sek regelen gjeld IKKJE her!) fordi eg gaar rundt og er sulten heile tida, men vi har berre saann 20 kr totalt til overs utenom dei faste maaltida, som skal gaa til vatn og klesvask, saa buhu!

Dag 23 og 24 – Vietnam – Til Hanoi

I dag var det paa med sekken igjen. Vi skulle ta tog fraa Da Nang til Hanoi, ein 16 timers togtur. Vi hadde skaffa oss sovekupe igjen, noko som var relativt komfortabelt paa dagtid sidan den eine senga nede var ledig. Saa fraa kl 13 til 22 gjekk tida relativt fort og smertefritt. Men natta blei heilt forferdeleg daarleg. Heilt utrulig at toget kan riste saa masse og likevel holde seg paa dei smale skinnene (halve breidda av tbaneskinnene heime!). Det var og litt distraherande at konduktoren kom inn i kupeen og la seg til aa lese avis og sove paa den ledige senga… Heh, skal ikkje sei noko paa at dei ikkje er pragmatiske her :)

5 om morgonen kom vi fram til Hanoi. Vi hadde allerede booka to senger paa sovesal i eit veldig kult gjestehus her, saa vi hadde heldigvis ein plass aa gaa til. Var ganske sliten saa det var godt med ein liten honeblund paa tv-rommet. Utforskinga vaar av Hanoi begrensa seg til aa leite etter eit supermarked, som var ein stor skuffelse. Vi er heilt desperate etter aa finne grovt brod (i motsetning til det ekle loffbrodet dei har her), og det beste saa langt har vore importert rugbrod ala pumpernickel. Men steike vanskeleg aa finne! Paa brodferden vaar stirra vi doden i kvitauget opp til fleire gonger daa vi kryssa gatene. Det er overhodet ingen som gidd aa bremse ned, dei berre svingar rundt. Veldig ekkelt aa vere omringa av bilar og mopedar som susar forbi. Generelt virkar det som om vietnamesarar har det veldig travelt med aa komme seg fraa A til B. Skubbar folk i ko, sniking og dytting viss dei syns du gaar for sakte. Bestemte oss for aa berre droppe sightseeing i Hanoi, det er berre for mange vegar aa krysse. Heldigvis har hostellet massevis av piratkopiDVDar :p

Dag 22 – Vietnam – Hoi An

Vi var ganske spente idag i og med at vi skulle plukke opp dei tinga vi bestilte igaar. For min del endte skredderfesten opp med 2 haustjakker og 4 kjoler :) Ikkje akkurat saa billig eigentleg, men det var jo veldig artig aa oppleve! Saa hadde vi gleda oss veldig til aa shoppe laus i Hoi An, vi har jo faktisk vore veldig strenge med oss sjolve. Kjopte jo ingenting paa dei fantastiske markeda i Bangkok for eksempel!

Men litt slitsomt var det. Havna i to veldig harde pruteepisodar. Forst paa nokon kjempefine bordbrikkar, dama ville ha 180 kr! Eg sa 80 kr punktum. Etter 10 minutter med hoderisting fraa meg og redusering av pris fraa selger, saa ga ho tilslutt opp. Skulle no berre mangle, ein maa vere veldig klar over at her saa har alle varer to prisar: Rett pris og utlendingspris! Start prutinga paa omlag 30% er tommelfingerregelen. Neste harde pruteepisode var paa den eine jakken eg bestilte som viser seg aa ha litt daarlig innerstoff. Absolutt til aa leve med, men hadde slett ikkje tenkt aa la dei ta 45$ for den jakken. Stemninga blei rett og slett litt daarlig her, men litt sjarm og bruk av kort som at hotellet vaart har ei erfaringsbok der folk kan skrive om opplevingar hos skreddaren samt at (min favoritt som eg har brukt mange gonger i Vietnam): “Happy customer makes New Year lucky for you, bring much success for your business!” Dei er ganske overtruiske her altsaa, knis! Saa fekk pruta ned 8$, kvar dollar var beinhard! Brukte saa masse tid paa skreddarting at vi nesten gloymte aa gjere den obligatoriske sightseeinga:

Baat paa elva i Hoi An
Her var vi og tok bilete av denne fine elvebaaten daa eg spurte Tuva kor posen med jakkene vi henta hos skredder var...
Ooops
Aanei, kor har vi gjort av posen med skredderjakkene vaare?! SKRIIIK!

Doh, vi mangla ein pose! Villmannsspringing mellom mopedar og damer med rishattar for aa leite igjennom dei plassane vi akkurat hadde vore. Heldigvis fann vi posen paa plass nr 3, i butikken til ei kjempetrivelig dame der vi hadde spist opp nesten halve godteskaala hennes ;) Phew! Totalt ein veldig stressande dag, men heilt vaar eigen feil. Handle hos 4 forskjellige skreddarar, proving her og proving der, alle til ulike tidspunkt, vi gloymte omtrent aa spise! Det var berre saavidt vi rakk posten for aa sende alle klaerne heim. Maa sei det blei svindyrt, 6 kg for 80$! Men uaktuelt aa reise 3 veker med enorme haustjakker i sekken. Forresten, Lars, du maa folge med paa om den pakken dukker opp (kan ta alt fraa 1 til 3 veker). Alt i alt har Hoi An vore kjempebra! Skulle hatt litt meir tid her, er visst strender litt utanfor byen og greier og. Velvel! I morgon er det avgaarde til Hanoi, ein by vi ikkje gleder oss noko saerleg til. Men det er paa veg til Halong Bay, som blir forhaapentligvis veldig bra :)

Dag 21 – Vietnam – Hoi An

Hurra! Endeleg langt borte fraa Nha Trang, heile 9 timar med tog faktisk. Vi var ikkje akkurat utkvilte daa vi kom oss fraa togstasjonen i Da Nang til maalet vaart, UNESCO-byen Hoi An 3 mil unna saann kl 6 om morningen ein gong.  Viste seg at det var ikkje paa langt naer saa vanskeleg aa skaffe hotell som i Nha Trang, billigare var det og. Hotellet vi endte opp med var saa interesserte i aa holde paa oss at dei tilbydde oss eit “venterom” sammen med det australske paret der vi kunne dusje og ta ein lur mens vi venta paa aa faa eige rom. Etter ein liten honeblund og ein dusj saa drog vi ut for aa kikke paa Hoi An. Som aa komme til ein heilt anna verden! Her er kjempetrivelige smaa trange gater, lite folk, ingen trafikk (relativt til dei andre byane sjolvsagt) og best av alt: bokstaveleg talt HUNDREVIS av skreddarar! Saa dei fem forste timane vaare i Hoi An tilbrakte vi berre nokon faa hundre meter fraa hotellet hos tre forskjellige der vi bestilte lekre kjolar (berre fordi vi fortjener det!) og nokon fine ulljakker (fordi det er kaldt der heime ;)) Vi rakk saavidt aa gaa oss ein tur i dei tre “hovudgatene” som er del av the Old Town. Der var det skikkelig fint og pynta med masse lykter og lanterner over veien og i tre og buskar.

Koselege gater
Alle gatene i Hoi An er pynta med fargerike lanterner
Nyttarspynt
Nyttaarsbuskar fins overalt, til og med hos skredderen

Noko er kanskje pga nyttaar, men mykje henger oppe heile tida fordi kvar fullmaane saa har Hoi An ein festdag der dei forbyr alle kjoretoy og slaar av gatelysa slik at det berre er lanternene som skin. Dessverre saa er det ikkje fullmaane for vi etter vi har dratt… Men ein ting eg la merke til i dag med maanen var at han er snudd 90 grader paa det han er heime! Har aldri tenkt over at  han ser annerledes ut paa andre stadar i verden :)

Annerledesland
Maanen heng paa skeiva her borte!

Dag 19 og 20 – Vietnam – Nha Trang

Dag 19: Det var overskya idag og etter mange timer paa hotellrommet med aa prove aa motivere seg til aa gi byen ein sjanse, drog vi ut paa spasertur. Maalet var eit tempel, Long Song, ca 30 minuttar gange unna. Maa sei at byen faktisk blei kjipare og kjipare di lenger vekk fraa hotellomraadet vi kom. Forsopla gater, tett trafikk og absolutt ikkje noko fine bygningar langs vegen. Tempelet var heller ikkje noko saerleg aa skrive heim om; bygd paa 60-talet og stort sett som alle andre vi har sett. Men artig var det daa ei gruppe kinesiske menn ville ta bilde av Tuva og meg framfor ein liggande Buddha… Fekk ikkje heilt med oss akkurat kvifor vi var saa spennande. Kanskje fordi Tuva var hogare enn alle dei karane? ;p

Eksotiske Tuva
Aa ta bilde med Tuva var stas for kinesarane. Legg merke til at karen staar paa taerne...

Dag 20: Bedre vaer idag. Etter utsjekk av hotellet 12 saa drog vi ned til stranda for aa slaa ihel litt tid. Klarte aa bli sann flekkvis solbrent paa leggen, ganske ubehageleg, men det stod i stil til alle dei store hovne og raude myggstikka mine. Saa satt vi saann 5 timer paa restaurant (fraa lunsj til middag faktisk!) og skreiv postkort til nokon av daakker heldige (to) lesarar. Eigentleg ein ganske fin dag! Typisk daa, den siste dagen vaar. Likevel, godt forsok Nha Trang, men eg trur likevel ikkje eg kjem tilbake hit altsaa!

Saa var det tid for aa stikke til toget. Vi var ganske spente paa om svarteborsbillettane vaare holdt maal. Men vi var rimelig sikre paa at vi hadde faatt rett billettklasse (til blodpris sjolvsagt) for vi hadde spurt litt tilfeldige forbipasserande vietnamesarar om dei kunne lese til oss kva som stod paa billetten..! Ventinga paa togstasjonen var ein opplevelse i seg sjolv, men heldigvis saa snakka dei damene som jobba der rimelig bra engelsk, saa vi fann tilslutt ut kva for ein perrong vi skulle staa og vente paa (rett nok saa stod det ikkje mellom saa veldig mange akkurat..!) Men! Verden er liten gitt :) Eg gjekk bort til eit vestleg par fraa Australia for aa sporre om dei var i samme baat (evt tog) som oss, og saa viste det seg at det var dei heilt bokstaveleg talt: Vi skulle nemleg dele sovekupe med akkurat dei to! Funny shit altsaa. Av alle dei andre vestlege som var der saa klarte eg aa velge akkurat dei :)

Elles saa var togturen heilt utrulig daarlig. Snakk om humpetittentei altsaa. Skittent var det og. Tuva hadde jo nokon issues med bussen saa ho prover saa godt ho kan aa faa ein positiv spinn paa togopplevelsen, men eg trur ikkje paa ho…

Dag 18 – Vietnam – Nha Trang

Etter ei over alle forventingar bra natt saa var det paa tide aa komme oss til stranda. Det var jo trass alt heile poenget med aa dra hit i det heile! Etter aa ha lest at Nha Trang er “the top beach resort in Vietnam” og har “pristine beaches” med “soft yellow sand”, saa hadde vi hoge forventingar. Snakk om aa bli skuffa..! For aa sitere ei kanadisk dame vi overhorte under middagen saa “I wish someone had told me how it really was here, I would never have come”. Greit nok at Sihanoukville var *utrulig* deilig, men herregud, har ikkje sett saa skitne strender nokon plass. Blodpris for solseng og altfor store bolger til at vi eingong gidd aa vurdere aa ta ein dupp i sjoen. Heldigvis er det ikkje meir enn saann 25 grader og overskya, saa det er jo ikkje behov for aa kjole seg ned i sjoen heller (fair enough, skal ikkje skylde vaeret paa byen). Hadde det no berre vore andre ting aa ta seg til her istadenfor… Ja for eksempel aa reise paa Booze Cruise til oyene for aa snorkle! (Jeiii…) Aa dra paa egenhand med dei lokale ferjene til oyene er visstnok ikkje mulig, i folge reisebyraa saa vil ikkje dei ta med seg turistar. “If something happens with you onboard (som at dei kantrer) they will get in real trouble (skulle no tru at det var trobbel uansett om det var vestlege eller lokale som hamna i sjoen)”. Mulig at dette var berre ei skrone for aa lokke oss til aa bli med paa den andre, double price baatturen som reklamerte seg sjolv for aa ikkje vere Drinking partyboat. Kort sagt saa vil vi vekk herfra ASAP. Det er berre for kjip strand og for dyrt aa gjere paa andre ting (overprising pga nyttaar sjolvsagt).

Nokon artigheiter opplevde vi idag dog. Til domes, viss du lider av forstoppelse og har gloymt at ordet for medisinen du treng paa apoteket er “laxative”, saa fungerer det veldig bra aa peike paa ei eske Immodium (for akutt diare) og seie “Opposite! We need opposite!”. Og saa kjopte vi togbillett vekk herfra paa svarteborsen. Det er visstnok bra butikk i aa kjope opp alle togbillettar og saa selge dei til reisebyraa med eit saftig prispaaslag… Urk, haaper neste stopp Hoi An blir bra.

Dag 17 – Vietnam – Nha Trang

Dagen begynte tidleg, daa vi skulle avgaarde til Nha Trang med saakalla “sleepah bah”, og kjent som sleeper bus, eller sovebuss paa godt norsk (Det at sovebussen gjekk om dagen er visst ikkje saa noye). Maa sei at paa dette omraadet saa er vietnamesiske busselskap waaay forbi busselskapa i Norge! Konseptet med sleeper bus er at bussen er innreda med koysenger, to i hogda, og tre stk i bussbreidda, med ein trang gang i mellom. Og seta er altsaa senger, med muligheit for aa slaa opp ryggen til sitteposisjon. Dei mest behagelege 9 timane med buss EVER! Tuva hadde litt problem med klaustrofobi der vi laag i 2. etasje tett under taket, men eg syns heile turen var heilt knall :)

Eniveis, vi kom fram til Nha Trang i 7 tida paa kvelden. Det gjekk opp for oss at byen er vesentleg storre enn vi har blitt forespegla av reisebokene vaare, rundt 350 000 menneske bor her. Vi kom oss ned til det vi antar er sentrum, i allefall veldig naer stranda. Vi hadde lurt litt paa kvifor vi var dei einaste vestlege folka paa bussen hit, og vi forstod fort kvifor. Viser seg at akkurat dagen idag er den dagen daa samtlege vietnamesarar reiser paa strandferie (etter omlag 3 dagar med familien under nyttaarsafta). Saa *alle* hotella, hostella, guesthouses, over alt var fullt. Vi endte opp med aa bli ganske desperate og daa vi fekk tilbud om aa sove paa gangen free of charge paa eit hostell saa takka vi veldig takknemlig ja. Av alternativ tipsa ein motobike-forer oss om aa sove paa stranda, men daa maatte vi bytte paa at ein sov mens den andre holdt vakt… Etter ein billig og god middag drog vi til hostellet, mentalt forberedt paa flisgulv, men saa viste det seg at dei hadde faatt ordna saann at vi kunne krasje paa rommet hos 4 svenske jenter som hadde ei seng til overs. Saa det var jo slett ikkje verst! Spesielt folte vi oss heldige med tanke paa dei 7 andre turistane som sov henholdsvis i lobbyen og i trappeoppgangen… Men vi klarte aa finne eit (dyrt) hotell aa bo paa fraa i morgon av, saa det blir jo styr paa stell.

Dag 15 – Vietnam

Saa dagen igaar var ikkje heilt toppers. Antakeleg litt urettferdig aa skylde datavirus paa Phnom Penh, men kanskje det var litt oppsamla bitterheit for aa maatte dra fraa dei bra plassane altfor tidleg (dvs Sihanoukville og Siem Reap). Uansett, TTYL Cambodia, TTYN Phnom Penh!

Neste stopp paa agendaen er Ho Chi Minh City (altsaa Saigon), Vietnam. Det stod i guidebokene vaare at vi maatte rekne med minst to timar i immigrasjonen, men det busselskapet vi drog med var berre heilt utrulig effektive! Det var over paa sikkert ein halvtime, og daa var vi full buss paa ca 50 personar. Skal seies at under prosessen saa stod alle vi vestlege som sporsmaalsteikn paa to bein, men det ordna seg ganske bra. Ikkje blei vi bedt om aa vise fram bevis paa at vi skal reise ut av landet innan 15 dagar (som er krav pr norsk UD for visumfri innreise).

Etter berre 6 timar var vi framme i Saigon. Vi hadde jo blitt raada i ost og vest om aa ikkje dra inn under kinesisk og vietnamesisk nyttaar, men akkurat i Saigon ser det ut til aa vere heilt knall! Trafikken er jo skikkelig bedageleg! Etter dei andre byane vi har vore i saa er det jaffal ikkje noko stress aa krysse vegane. Og saa er heile byen pynta skikkelig fint med raude og gule blomar overalt, og etter triste og skitne PP saa er det ein veldig fin avveksling. I forhold til det vi har hort om aggressive og innpaaslitne vietnamesarar saa har vi ikkje saalangt stott paa nokon, tvert i mot. Bor paa det hyggeligaste hostellet (og det finaste og reinaste) saalangt! Men vi maa passe godt paa aa sjekke restaurantrekningen, for dei har ein tendens til aa *anta* at vi brukte vaatserviettane dei kom med (og som dei ikkje forklarte at kostar pengar), noko vi sjolvsagt ikkje har gjort. Reisebokene har rett i noko i allefall! Vi feira litt nyttaar vi ogsaa idag, med akkurat passe med ol (dvs nok til aa sjaa at dei tok betalt for ein for mange, men ikkje til aa legge merke til at prisen pr stk var mykje hogare enn han skulle vere) og vinterOL paa tven :)