Tag Archives: Phnom Penh

Dag 15 – Vietnam

Saa dagen igaar var ikkje heilt toppers. Antakeleg litt urettferdig aa skylde datavirus paa Phnom Penh, men kanskje det var litt oppsamla bitterheit for aa maatte dra fraa dei bra plassane altfor tidleg (dvs Sihanoukville og Siem Reap). Uansett, TTYL Cambodia, TTYN Phnom Penh!

Neste stopp paa agendaen er Ho Chi Minh City (altsaa Saigon), Vietnam. Det stod i guidebokene vaare at vi maatte rekne med minst to timar i immigrasjonen, men det busselskapet vi drog med var berre heilt utrulig effektive! Det var over paa sikkert ein halvtime, og daa var vi full buss paa ca 50 personar. Skal seies at under prosessen saa stod alle vi vestlege som sporsmaalsteikn paa to bein, men det ordna seg ganske bra. Ikkje blei vi bedt om aa vise fram bevis paa at vi skal reise ut av landet innan 15 dagar (som er krav pr norsk UD for visumfri innreise).

Etter berre 6 timar var vi framme i Saigon. Vi hadde jo blitt raada i ost og vest om aa ikkje dra inn under kinesisk og vietnamesisk nyttaar, men akkurat i Saigon ser det ut til aa vere heilt knall! Trafikken er jo skikkelig bedageleg! Etter dei andre byane vi har vore i saa er det jaffal ikkje noko stress aa krysse vegane. Og saa er heile byen pynta skikkelig fint med raude og gule blomar overalt, og etter triste og skitne PP saa er det ein veldig fin avveksling. I forhold til det vi har hort om aggressive og innpaaslitne vietnamesarar saa har vi ikkje saalangt stott paa nokon, tvert i mot. Bor paa det hyggeligaste hostellet (og det finaste og reinaste) saalangt! Men vi maa passe godt paa aa sjekke restaurantrekningen, for dei har ein tendens til aa *anta* at vi brukte vaatserviettane dei kom med (og som dei ikkje forklarte at kostar pengar), noko vi sjolvsagt ikkje har gjort. Reisebokene har rett i noko i allefall! Vi feira litt nyttaar vi ogsaa idag, med akkurat passe med ol (dvs nok til aa sjaa at dei tok betalt for ein for mange, men ikkje til aa legge merke til at prisen pr stk var mykje hogare enn han skulle vere) og vinterOL paa tven :)

Dag 14 – Kambodsja – Phnom Penh

Idag stod vi tidleg opp (sukk) og drog sammen med 3 andre turistar i tuktuk til Cheoung Ek litt utanfor byen. Denne plassen er og kjent som The Killing Fields, og det er akkurat det der er. Under Pol Pot sitt vanstyre saa blei omlag 9000 menneske henretta og begravd i massegraver her paa denne enga, men dei hadde ikkje raad til aa bruke pistolkuler, saa dei maatte finne andre alternative maatar aa likvidere dei Ureine. Med ureine saa meines det saa vidt eg har forstaatt at dei ikkje var gode bonder (i kommunistisk tradisjon) sidan dei hadde utdanning, kunne fleire spraak eller berre var uheldige og brukte briller (utsagnet om “du ser saa intelligent ut med briller” faar ein heilt ny meining i lys av desse grusomheitene…). Maa sei at det er ganske sjokkerande aa laere om Pol Pot og Khmer Rouge, daa det er saapass nyleg historie (1975-1979ish). Kan ikkje sei at eg fekk med meg noko av dette i historietimene paa skulen (vi hadde ingenting om det?). Generelt saa laerer vi altfor lite (det vil vel seie ingenting) om asiatisk historie.

Minnesmerke paa The killing fields
Dette monumentet er fyllt fraa topp til botn med beinrestar og hodeskallar tatt ut fraa massegravene her

Etterpaa drog vi videre til det som var eingong ein ungdomsskule inni Phnom Penh. No er det kjent som Toul Sleng museumet, mellom 75 og 79 var det kjent som S21 og var eit fengsel/torturhus for Ureine kambodsjanere. Her henger det bilder av mange av dei som blei drept, blant anna mange unger. Babyar faktisk. Tanken var aa fjerne treet med rota og det heile. “Ikkje la barna faa leve, dei vil berre bli bitre og prove seg paa hevn seinere”. Dei som satt i dette fengselet blei etterkvart (alt fraa mellom 2mndar til 7 aar) sendte til Cheoung Ek for avretting. Totalt overlevde 7 personar S21.

Smaaungar drept av den Raude Khmer
Berre nokon av smaaungane drept av den Raude Khmer. Ugjerninga? Aa bli fodt.

Etter denne dystre starten paa dagen drog vi til det russiske markedet for aa gjere litt shopping av baade gaver og suvenirar. Dessverre var det stengt, pga nyttaar, noko som forkludra planene vaare heilt. Saa dessverre mamma, eg veit ikkje om eg faar til aa poste det postkortet herfraa som eg lovde. Seinare viste det seg dessutan at minnekortet til kameraet mitt (med 4gb bilder) har klart aa paadra seg Conficker-viruset. Hurra… Provde i fleire timar aa faa installert antivirus paa internettkafe, men det er jo saa steike daarlig inet her at det varjo bortkasta tid. Saa, idag var ein daarlig dag i Phnom Penh. Haaper det blir bedre i maarra, naar vi er paa veg vekk herfraa.

Rismarker ved Phnom Penh
Paa denne "fielden" er det berre ris, haaper vi. Rett ved bygrensa. Idyllisk avveksling (utanom det aapne kloakksystemet rett ved...)

Dag 13 – Kambodsja – Phnom Penh

Idag var det farvel til Sihanoukville. Kjedelige greier altsaa. No er det tilbake til Phnom Penh, ein by som vi ikkje hadde noko saerleg godt inntrykk av sist, uten at det er heilt lett aa sette fingeren paa kvifor. Men vi kom oss no dit meir eller mindre begivenheitslaust. Bussen var jo saa og seie presis og greier. Vel framme saa traff vi paa ei fransk jente som ville dele tuktuk med oss til hostellet vaart. Vi hadde forhaandsbooka rom pga vi var skeptiske til kor lett det var aa faa tak i rom idag, paa nyttaarsaften og greier, saa i og med at vi endte opp med eit litt dyrt 3sengsrom saa tilbydde vi ho den eine senga. Det var igrunn skikkelig smart av oss! Ikkje berre var ho veldig trivelig, men ho hadde akkurat komt fraa Vietnam og Laos. Ho hadde lite bra aa fortelle om Vietnam egentlig, sure folk og saant visstnok, men masse bra om dei plassane vi vil til (Hoi An og Ha Long Bay daa) og enno meir bra aa fortelle om Laos. Saa kom ho med masse gode tips i forhold til buss kontra tog, prisar, shoppingmuligheiter (Silke er visst likegreit aa kjope i Laos som i Vietnam), saa som sagt, smart.

Eit av problema med Phnom Penh er at det er eit veldig udefinert sentrum for oss ryggsekkturistar. Ein kan gaa laaangt og lenge for ein finner ein bra og billig plass aa spise, eller det kan vere rett rundt hjornet. Suvenirshopping og saant skjer visst berre paa eit av nokon faa markeder som er litt her og der i byen. Dei stenger tidlig dessutan. Saa vi gadd ikkje prove aa finne paa noko idag. Vi endte opp paa rommet med ei flaske vin og sjokolade (som smaka som dei torre nugattirestane du finner nederst i boksen) og chickflicks paa StarMovies-kanalen. Der laerte eg forresten det kinesiske teikned for “nei”. Saa tv kan vere veldig educational! Som det heiter paa godt norsk. I maarra maa vi tidlig opp igjen daa vi skal prove aa faa gjort litt sightseeing.

Dag 8 – Kambodsja – Phnom Penh

No har vi vore 1 veke paa reisefot, berre 5 veker igjen. Men det foles som om vi har reist i evigheiter allerede. Idag reiste vi fraa Siem Reap, litt trist, det var ein veldig fin plass med hyggelige folk. Vi tok bussen til hovedstaden Phnom Penh, 5 timar VIP-buss, visstnok. Ikkje veit eg, den blei jo fylt opp med ein del lokale folk og til og med to munkar. Litt stil hadde den no daa. Fekk ei flaske vatn, den hadde do (rett nok maatte ein forst krype gjennom ei 1m hog dor) og saa var det film paa tv. Det vil seie, dei spelte av Kambodsjisk karaoke :D Ganske artige greier faktisk!

Eniveis, vi kom oss no fram og fekk funne oss eit rom paa hostel, 15$ med a/c. Ikkje superbillig, men saalenge Tuva syns det er greit (ho passer paa pengepungen) saa syns eg og det :) Vi var egentlig veldig negativt innstilt til aa komme hit, vi booka jo buss videre allerede i morgon, for vi har hort at veskenapping og aggressiv tigging er mykje utbredt her. Men i dei gatene vi har gaatt saalangt (for aa finne khmer-mat, namnam) saa har det vore ingenting saant. Alle selgarane og tuktuksjaaforene gir seg med eingang vi seier nei takk, saa lenge vi gjer det med eit smil. Det er derimot ganske skittent her og kanskje litt meir skumle gatekryssingar. Omraadet vi bor i virkar dessutan litt kjedelig, utan fine markeder og andre saanne turistgreier, saa vi er ganske keene paa aa ikkje bruke for masse tid her. Tida skal vi bruke paa stranda! Starting from tomorrow… Ser det er meldt nydelige 28 grader i Sihanoukville (og -8 i oslo ;) saa det blir deilig!

Ps, for dei som savner bilder saa har eg hatt litt problem med aa faa lagt ut. Har eit eksperiment i tankane, maa berre finne ein nettkafe med litt mindre rumpedaarlig inet og pcar. Sukk. Egentlig saa er vel det nesten det som er mest uland her saalangt! Skal ikkje klage altsaa (dopapir er nemlig utbredt).