Dag 1 – Avreise fraa Oslo

1. februar kom og drog, og det var berre saavidt at eg og Tuva og gjorde. Vi troppa opp i god tid til Gardermoen, allerede internett-innsjekka paa Finnair, og var klare til aa lempe bagasjen paa bandet. -“Har ni visum til Thailand?” -“Eh, nei det treng vi daa vel ikkje, vi har jo 30 dgr visumfri adgang!” -“Nei, bara naar ni har flybiljet ut av landet innan 30 dagar” -“… Men… vi skal jo ta buss til Kambodsja…” Vi saag nok ganske desperate ut, for skrankedama skyndte seg aa peike til billettdisken og sa at vi kunne jo alltids berre skaffe oss ein billig billett til ein eller anna plass, og saa skulle ho skrive ut boardingpass til oss.

Med 10 minutt igjen til bagasjeinnsjekk, 5000 kr fattigare (SAS fullflex-billett Bangkok – Phnom Penh var ikkje saerlig billig akkurat) og solid dose adrenalin i blodet fekk vi endeleg boardingpass.  Phew! No maa vi berre faa Lars til aa kansellere det flyet for oss, saa faar vi vel mesteparten av pengane tilbake…

Mellomlandinga skjedde i Helsinki. Ein veldig stille og rolig flyplass. Fire timar flaug forbi og saa var det tid for aa boarde Bangkok. Eg og Tuva gleda oss til aa nyte dei seta anbefalt av seatguru, som vi hadde stressa med aa reservere 36 timar i forvegen. Saa kom vi til boardingpassdama som sa -“I’m sorry, but I have to change your seat” Tuva:-“But I have to sit with her!” og peika til meg. -“That’s ok, i’m changing hers too” Meg: “Ehm, where are you putting us exactly?” -“Business class! There are a lot of people with infants who need the seats you had”. Oss:”……Oh, OK!”

Og jada, vi fekk LIGGESETER! Pledd, puter, deilige headset, dempa belysning +++. Steike bra greier altsaa! Er ikkje flau for aa innroemme at det blei ein liten seiersdans, utanfor synsfeltet til boardingpassdama seff ;)

Klare for ei lang fly reise!
Business class: 11 timer fly er plutselig heilt greit
Sjekk beinplassen!
Kan ikkje klage paa beinplassen, heilt utstrekte bein! Og legg merke til Family Guy paa eigen tv ;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *