T-5 dagar

Jess, då har eg fått bloggen opp å gå (tydeligvis, for kva elles er det du sit og les på nett no?) , noko som var høgt oppe på 2Do-lista. Ting tar tid, og denne gongen innsåg eg at eg ikkje kom til å rekke å lage min eigen blog frå scratch, i allfall ikkje viss han skulle vere nogonlunde funksjonell med kommentarfelt og sånn halvtrygg (Ikkje prøv deg på noko Trond, eg veit kor du bur). Eg måtte altså krype til korset og få meg WordPress. Kudos til dei folka bak forresten, det var faktisk *skuffande* enkelt å setje opp bloggen!

I og med at det er ein 6-7 timars tidsforskjell så kan ein blogg vere den mest praktiske måten å sende signal heim på om at eg framleis er i live og sånn omlag kor hen i verden eg er. Men ikkje kontakt UD berre fordi det har gått nokon dagar mellom posting, det er jo ikkje godt å sei kor breide banda er der borte…

2 thoughts on “T-5 dagar”

  1. Det er nok ikkje berre Turid som kjem til å lese denne bloggen, altså ;P

    Dersom du ikkje skriv ny bloggpost minst kvar 5. dag så ringer eg egenhendig til ambassaden i Bangkok. Ellers så må eg seie meg enig i at WordPress er bra saker…

  2. God tur til dere begge. Håper dekk opplever mykji artigt ditt og datt! Ta bilder.

    A

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *