Tag Archives: ørken

Death Valley, CA

Mål for dagen: nå, og sjå, Death Valley, og ende opp i Las Vegas på kveldstid. Vi kom litt seint i gong med køyringa frå Lees Vining etter ein liten avstikkar til Mono Lake. Etter norsk skala ein rimeleg stor innsjø og ganske salt sidan den ikkje har noko utløp. Lars hadde lyst på ein badetur, men han blei engsteleg for å gå uti då han såg alle småflugene som koste seg i sanda ved vasskanten. Det skal ikkje vere noko særleg dyreliv (fiskeliv?) i vatnet, men noko planteliv var det og på dei stadane sjøgraset var eksponert samla flugene seg for å legge egg. Til stor glede for dei mange måsene (osprey) som berre kunne gå rundt med nebbet opent og glefse i seg munnfullar. Det var veldig festleg å stikke ein fot eller to borti flugene for når dei flykta i skrekk lagde vingeslaga deira ein skikkelig høg og brusande lyd. Så kom det nokon store fluger (les. kjempekveps) og jaga vekk oss…

Tilbake på vegen, retning sørover, mil etter mil fer forbi. På høgresida har vi mektige Sierra Nevada, til venstre har vi dei ikkje like kjente White Mountains. Frå frodige, grøne skogar, går landskapet over til å blir goldt, tørt og bart. Temperaturen stig jamnt (og no har vi funne ut korleis vi skiftar frå imperial units til metric i bil-kåmputeren) til over 30 grader celsius. Imponerande varmt for høgda som har gått frå 2400 moh til rundt 1100 moh.

Så kjem vi inn i Death Valley-nasjonalpark. Heile parken er enorm, 3-4 gonger så stor i areal (etter augemål) som Yosemite, og i motsetnad til namnet så er det generelt mykje planteliv til ørken å vere. Det er over 1000 forskjellige artar av ørkenplantar, der 21 av desse berre fins her, i følge guideboka. Vi somla litt mykje på vegen og kom ikkje ned i sjølve Death Valley før solnedgongstider. Ikkje nødvendigvis så ille, med litt sterk vind og 37 grader så føltes det som å stå i ein kjempehårfønar. Steikande sol i tillegg frista ikkje så mykje. Men det blei eit kappløp med sola sidan eg insisterte på å køyre innom Badwater Basin, nordamerikas lågaste punkt på 88 muh, legg merke til u for under. Såvidt eg veit er det nok ein pers for meg, eg kan i allfall ikkje hugse å ha vore på lågare punkt utan tunneltak over hovudet.

Vi rakk berre såvidt nok solljus til å sanse den svære saltsletta rundt oss. Dei få andre turistane som var like trege som oss forsvann, og så stod vi der ute på sletta i stummande mørke, med berre sus frå vinden som einaste lyd og salt lukt i nasen. Ingen sirisser, fuglekvitter, sus frå verken gras, skog eller vatn. Ikkje eingong ekko frå stemmene våre, berre knasing av salt under føtene (som forresten er nesten heilt reint bordsalt, eller natriumklorid som Lars likar å sei). Veldig stemningsfullt og fredeleg. Så sette vi nasen austover mot Las Vegas, som er alt anna enn fredeleg.