Maa sei at eg er spent paa kor lenge eg klarer aa fortsette med aa telle dager, det er overhengande fare for at det skal gaa heilt i surr etterkvart. I dag er siste dag i Sihanoukville. Ordentlig trist for her kunne vi godt ha vore leeenge. Paa stamrestauranten vaar, Romeo, saa har vi blitt aankli godt mottatt av samtlige ansatte. Viser seg at dei aapna dagen for vi kom til Sihanoukville, saa vi var faktisk deires forste stamgjester! Morsomt :) Ein anna morsom ting er jo at servisen er heilt upaaklagelig, merker at dei liker aa ha oss der! Idag provde vi aa gaa til ein anna plass for aa spise middag, men ingen andre plassar har den kombinasjonen av sjarm, service, meny og ikkje minst billige prisar!
Ein anna morsom ting vi gjorde idag, utenom strand sjolvsagt (har eg nemnt at vatnet har badekartemperatur? ;) ), var aa dra til ei vestlig dame som designer/lager solvsmykker. Det var litt for dyrt der til at eg kunne ta meg raad til aa kjope gaaver, saa daa blei det suvenir istadenfor (i folge tuva saa er gaaver til andre og suvenirer er til ein sjolv :)). Ho dama var skikkelig festlig, spes var det fascinerande at ho eigentleg var finsk, men snakka flytande svorsk. Kvar sommer bor ho i Kambodsja og kvar regntid reiser ho til Finnmark for aa jobbe. Merkelig ja? Eg klarte dessuten aa knuse ein oredobb, saa daa fekk eg og ein demonstrasjon paa korleis ho jobber, free of charge ;p
Hurra! Endeleg kunne vi sove til vi ikkje lenger orka. Merkelig nok saa har eg og Tuva nokonlunde samme sovnrytme no, noko som igrunn er veldig fint. Husker daa vi reiste til Portugal i 2005 og eg holdt paa aa do paa meg av sovnmangel mens ho putra og snorka gode 8timer kvar natt. Vel, det var kanskje ein viss fare for at Tuva ogsaa kom til aa do, sakte kvelningsdod av ei pute… Sovnmangel skaper monster, saa best aa sove ut no desse dagene mens vi kan.
Det einaste aberet no for tida er Vietnam. Vi fekk nylig nyss om at heile Vietnam stopper opp minst 1 veke under kinesisk og vietnamesisk nyttaar. Tilfeldigvis er desse dagene samtidig, den 13. februar. Og mandag 15. var dagen vi hadde tenkt aa dra inn. Viss ikkje vi gjer det saa detter heile reiseplanen i knas. Pluss at vi har gleda oss til aa dra dit sjolvsagt. Bade i Nha Trang, skaffe skreddersydde kle i Hoi An, baattur i deilige Ha Long Bay. Nei, vi berre maa ta sjansen paa at det skal gaa bra og at vi ikkje blir stranda ei heil veke i Ho Chi Minh (for daa maa vi hoppe over nokon av desse tingene). Heldigvis blei vi lettere til sinns etter nokon timar paa deilige Otres Beach! Nok ein straalande dag med kem-gidder-aa-telle grader. Kambodsja er merkelig frodig og gront for saanne temperaturar eigentleg. Skog og palmer overalt. Til og med litt gras her og der. Ikkje noko som dei solsvidde middelhavslanda (ikkje at eg har vore ved saa mange av dei daa, men). Resten av dagen gjekk med til forhaandsbooking av hostel og bussreise og fly ut av Hanoi, altfor masse mas og stress. Vietnam har saa langt vore eit skikkelig gnagsaar! Haaper virkelig det blir bra der (i allefall ikkje saa ille som alle vi har moett til no seier).
Ja, vel, NOK ein dag med vekkerklokke. Denne gongen for aa forlate kakkerlakk-reiret (okei daa, vi saag berre den eine, men han har vel brodre vel?) og flytte inn paa eit *hotell*, med alt mulig greier som varmtvatn, a/c, kjoleskap, gratis vannflaske kvar dag som kan puttes inn i kjoleskapet ooog: toflar! Ikkje nokon badekaape, men toflar er ikkje saa verst det heller. Berre eitt par toflar daa, sidan det tydeligvis er eit ettmannsrom, men senga er minst 180 cm breid, saa vi har ikkje noko problem med aa dele. Prisen er ikkje saa verst heller, berre 5$ meir enn paa forrige plass. Mulig at den gode prisen er resultat av ein liten oversettelsesfeil, men saann er det naar arbeidsstokken ikkje kan engelsk (karaoke paa tv derimot er dei gode paa, det er fast innslag i resepsjonen kvar ettermiddag).
Saa etter flytting, deilig og billig frukost hos Romeo (samme billige plass som i gaar) saa var det avgaarde paa leigde syklar til Otres beach. Strengt tatt var vi berre 200 m fraa stranda i utgangspunktet, men Otres skulle visst vere best. Den var iaffal skikkelig bra. Veldig lite folk og forholdsvis faa selgerdamer. Vi endte likevel opp omringa av ein gjeng av dei, med hard pruting paa voksing av leggar (etter hoflig avslag paa tilbud om massasje, pedikyr, manikyr, armband etc). Dei har ein kjempemorsom teknikk her som egentlig ikkje er voksing, men minner mest om epilasjon, berre med sytraad! Passa paa aa laere meg teknikken saa det skal eg teste ut :)
I tillegg til nye best friends paa Romeo blei vi kjent med ein globetrottande businessmann fraa USA over ein Angkor-oel igaar. Vi avtalte aa motes paa stranda idag, og saa viste det seg at han har drevet mykje med segling paa meir eller mindre profesjonell basis. Saa han tok oss med paa tur i ein Hobie Cat, noko som var skikkelig artig! Eg satt fremst og var bolgebrytar, men vatnet her er saa varmt at det er som aa sitte i badekar, saa det var ikkje akkurat noko problem :) Ah, nevnte eg dei fine strendene her? Nydelige! Dei er lange, men ikkje saa breide, til gjengjeld saa er det langgrunt her og ikkje eit snev av verken stein eller tang. Akkurat saann eg liker det!
Nok ei natt med vekkerklokka satt paa altfor tidleg, fekk berre saavidt gulpa i oss omeletten til frukost for vi matte komme oss til bussen kl 7. Overraskande nok saa kom vi fram til beach resort-byen Sihanoukville etter berre 4 timar koyring, 1 time for skjema! Klager ikkje paa det akkurat. Hadde ikkje faatt bagasjen ut av bussen for vi var omringa av orten ulike transporttilbud. Viser seg at her saa er det saakalla moto som er tingen, det vil seie aa sitte bakpaa scooter. Vi hadde jo tidlegare blitt enige om aa aldri sitte paa med ein saann punktum, heilt til vi fekk hoyre at tuktuk her koster $6! Berre fordi det er ein antydning til bakke paa veg fraa busstasjonen til hostell-omraadet liksom?! Ikkje eingang slagordet paa plakaten til bildrosjemannen fekk oss til aa godta prisen “Life is worth more than money”… Saa det blei moto til $1 paa oss :p
Vi sjekka inn paa hostel med bungalow, noko som hortes forlokkande ut i guideboka, men som var ein orliten skuffelse. Jada, det var ei trehytte med veranda, men den var ikkje akkurat myggtett, ei heller med varmtvatn (sjolv i denne varmen saa kan det bli ein kald dusja altsaa), men verst av alt var mangelen paa a/c! Trudde vi… Kakkerlakken viste seg aa verre enno litt verre…
Uansett, Sihanoukville virker aa vere ein veldig rolig avslappa by, det er i allefall ikkje noko problem aa krysse gata med tanke paa trafikken. Den er i startgropa til skikkelig turistifisering, noko vi ser av at det er fleire hostell og restaurantar enn det er mopedar. Vi fann oss no lett ein trivelig lokal khmer-restaurant der vi spiste grilla barracuda med potetar (visstnok har dei potet i kambodsja og!). Namnam! Tuva syns det minna om tunfisk, men eg holder ein knapp paa kotelett (har blitt litt lei av aa berre spise kylling no ja). Godt var det no, spesielt for berre usle 18 kr. For ikkje aa snakke om veldig trivelig vertskap! Sukk, for eit folkeslag :)
No har vi vore 1 veke paa reisefot, berre 5 veker igjen. Men det foles som om vi har reist i evigheiter allerede. Idag reiste vi fraa Siem Reap, litt trist, det var ein veldig fin plass med hyggelige folk. Vi tok bussen til hovedstaden Phnom Penh, 5 timar VIP-buss, visstnok. Ikkje veit eg, den blei jo fylt opp med ein del lokale folk og til og med to munkar. Litt stil hadde den no daa. Fekk ei flaske vatn, den hadde do (rett nok maatte ein forst krype gjennom ei 1m hog dor) og saa var det film paa tv. Det vil seie, dei spelte av Kambodsjisk karaoke :D Ganske artige greier faktisk!
Eniveis, vi kom oss no fram og fekk funne oss eit rom paa hostel, 15$ med a/c. Ikkje superbillig, men saalenge Tuva syns det er greit (ho passer paa pengepungen) saa syns eg og det :) Vi var egentlig veldig negativt innstilt til aa komme hit, vi booka jo buss videre allerede i morgon, for vi har hort at veskenapping og aggressiv tigging er mykje utbredt her. Men i dei gatene vi har gaatt saalangt (for aa finne khmer-mat, namnam) saa har det vore ingenting saant. Alle selgarane og tuktuksjaaforene gir seg med eingang vi seier nei takk, saa lenge vi gjer det med eit smil. Det er derimot ganske skittent her og kanskje litt meir skumle gatekryssingar. Omraadet vi bor i virkar dessutan litt kjedelig, utan fine markeder og andre saanne turistgreier, saa vi er ganske keene paa aa ikkje bruke for masse tid her. Tida skal vi bruke paa stranda! Starting from tomorrow… Ser det er meldt nydelige 28 grader i Sihanoukville (og -8 i oslo ;) saa det blir deilig!
Ps, for dei som savner bilder saa har eg hatt litt problem med aa faa lagt ut. Har eit eksperiment i tankane, maa berre finne ein nettkafe med litt mindre rumpedaarlig inet og pcar. Sukk. Egentlig saa er vel det nesten det som er mest uland her saalangt! Skal ikkje klage altsaa (dopapir er nemlig utbredt).
Nok ein gong var det tidlig opp (sovnunderskudd er saalangt stikkord paa turen), men denne gongen for aa skifte hostel til eit i sentrum. Det vi bodde paa var berre litt for usentralt og dyrt (sjolv om det var hyggelige folk og deilig basseng). Ein tuktuk-tur seinare var nytt hostell fiks og vi hadde faatt leigd oss syklar (som saag ut til aa synge paa siste verset).
Klokka 11 var vi paa veg til Angkor igjen, denne gongen for egen maskin. Det blei mange halloer og nestenfall av energisk vinking til folk langs vegkanten, kjempehyggelig! Ein anna ting som er spesielt for Kambodsja (her i nordvest i allfall) er at det er paddeflatt! Saa sykling er overhodet ikkje noko problem her. Den einaste bakken vi traff paa var opp og ned over ei bru… Superbedagelig tempo og deilig med vind i haaret.
Vi drog forst tilbake til Angkor Wat, fordi eg lovde igaar aa komme tilbake og kjope ein suvenir av ho veldig sympatiske jenta som ville ha huden min (og pengane daa saaklart). Ho blei saa kjempeglad daa ho saag oss! “You a verri good person, come back like you promise”. Etter litt pruting og prating saa kjopte eg ein 7$ Buddha (evt bodhisatwa? kem veit) i suvenir til mamma (sorry, den er tre og ikkje i gull, men den har gaatt til ein god sak, nemlig profitt til ho jenta med hjerte av gull!)
Saa var det aa sykle videre langs asfalterte, heiltheilt flate landevegar med skog paa alle kantar. Stoppa ved eit par ruinar som vi ikkje saag igaar, men saa innsaag vi at klokka var blitt 4 allerede, og sola gaar ned 6 (og det var ikkje akkurat lykter paa skranglesyklane vaare…). Vi flaut veldig fint sammen med dei lokale i trafikkbiletet, (noko kaotisk men totalt uagressiv trafikk her!) men det er like greit a ikkje utfordre skjebnen.
Saa det var pedal to the medal, iallefall saa langt ein kan sei det om ein 1-girs sykkel med korg paa styret. Problemet var berre at vi var ikkje halvvegs eingong paa den (daa vi tenkte over det) 42km (fortito kilometer) lange ruta vaar! Maatte hoppe over minst to veldig fine ruinar og berre trakke paa. Men vi rakk det! Kom fram til hostellet rett for sola gjekk ned. Baade vi og sykkel kom fram i ein heil bit. Rett nok hadde turen sin pris: Generelt utslitt kropp og sinn og antakeleg permanente sykkelseteavtrykk i rumpa.
Neste no er eitt dogn i Phnom Penh for vi drar til Sihanoukville, den offisielle beach resorten i Kambodsja. Jei :)
Vi stod opp muy tidlig, klokka 4(!) for aa vere klar til Tuktuk-forer Sam kom og henta oss 5. Vi skulle nemlig opp til Angkor Wat og sjaa paa soloppgangen. Angkor Wat var eit av hovedmaala med turen for meg, saa eg var supergira, og det var lett aa staa opp. Spes sidan eg omtrent ikkje hadde sovd i det heile (Gidd ikkje aa spare 5$ paa a ikkje ha A/C meir, det er no heilt sikkert, tom Tuva sleit). Eniveis, vi kjorte tuktuk dei 1.5mila i stummande morke, einaste lysa var alle dei 1000 andre tuktukane og mopedane og bussane som og var paa veg opp…
Likevel, vi kom oss paa plass klar til aa sjaa sola staa opp. Det var veldig spennande aa gaa inn paa det svaere ruin-omraadet i stummande morke og berre *fole* at vi var inni noko DIGERT og gammelt! Og saa kom sola, litt over 6 om morningen og der kunne vi endeleg sjaa Angkor Wat i all si prakt :) Det var berre aa sette igang aa utforske. Vaeret og stemninga var skikkelig deilig. Provde aa ta gode bilder, men er redd det er mest bare mange bilder. Vanskelig aa faa enorme ruinar inn paa eit lite ccd-kort altsaa!
Eit anna lyspunkt der inne (Angkor Wat er berre ein av rundt 80 ruinar fordelt paa 3000 kvadratkilometer!) var to kjempeartige khmer-jenter. Dei ville egentlig berre ha pengane vaare, men dei prata saa godt engelsk at vi blei staande i sikkert ein halvtime og berre prate om alt mulig. Dei var veldig fascinerte av mi veldig sol-sjenerte hud, og det var igrunn litt awkward aa hore dei staa og sei at dei onska aa vere saa lyse (okei daa, kvite) som meg (iom at bleik impliserar rik). Ein ting er aa sjaa paa daude ruinar, men det er skikkelig flott aa komme i kontakt med dei lokale. Spes khmer-folk, dei er skikkelig blide og usjenerte! Naar vi tuktukar saa vinkar og smilar ungar saavel som gamle til oss :) Rett nok er det litt plagsomt naar vi blir omringa av jenter som skal selge armbaand, postkort etc (tri fah van dollah, special prais today), men det er berre aa sporre dei ka dei heiter og kor gamle dei er, saa kjem dei heilt ut av den hjernevaska salgsreplikken (ganske morsomt faktisk). Og naar dei spor kor vi kjem fraa (norway) saa kjem OSLO opp augeblikkeleg! Dei laerer visst hovedstadar paa skulen :) Ikkje at skulegang er utbreidt. Kambodsja har ei ulukkeleg historie bak seg (med Raude Khmer), saa dei ungane vi har sett saa langt her i turistbyen Siem Reap er nok av dei bedre stilte.
Uansett, for berre 15$ saa hadde vi Sam heile dagen. Han kjorte oss opp til Angkor Thom, eit stoort omraade med enno fleire ruinar, armband som skulle selgast og japanske flokk-turistar. Vi fekk med oss blant anna Baphoun, muligens verdens storste puslespel. Under ein av krigane (paa 60 talet trur eg det var) saa bestemte arkeologane seg for aa demontere heile skiten og katalogisere alle steinane for aa passe paa at det ikkje skulle bli bomba i stykker. Dessverre saa gjekk teikningane tapt… Forbausande mykje stein er lagt paa plass, men det er framleis mykje igjen i haugane som ligg rundt tempelet.
Vi gjekk og ein tur i Bayon, eit palass som ein noko paranoid keisar fekk bygd. Den er dekka av svaaaere andlet, som antakeleg ikkje er buddha-andlet, men hans eige, saann at alle hans undersaattar hadde augene hans i nakken til eikvar tid.
Dessutan fekk vi med oss Ta Prohm, kjent som jungeltempelet som og har vore med i Tomb Raider-filmen. Dessverre har nokon luringar innsett at turistane liker det veldig godt, saa dei har begynt aa rydde og restaurere det (tusentakk) naar heile poenget var at det nettopp saag ut som om jungelen var i ferd med aa sluke det. Jaja, det var no nokon Three-in-temple-motiv der uansett daa.
Tilslutt, klokka 15 var vi heilt utslitte. Vi berre maatte heim og slappe av. Tok ein deilig dupp i bassenget, spiste nydelig frukt (hermetikkananas blir aldri det samme igjen for meg) og tok ein etterlengta powernap.
Vi stod opp for sola og fekk sjekka ut av det hyggelege hostellet vaart. Vel, Tuva syntes det var litt vel sterilt, men det var vel og kanskje derfor eg syntes det var saa bra ;p Uansett, vi var 10 min etter skjema og nervose for om det var drosjer aa faa klokka 6 om morningen. Vi satte ein fot paa gata og der stod det ein taximann og vinka til oss. Transport i Bangkok er altsaa aldri noko problem aa faa..!
Dagen fortsatte bra daa vi var komt oss paa plass i minibussen som skulle frakte oss til grensebyen Ahranyaprathet (saann ca), folka virka baade proffe og greie og sekkene vaare blei lagt inni bussen. Absolutt ingen muligheiter for stjeling der! Interessant nok var vi 2 norddamer, 3 svenske jenter og 2 jenter fraa det vi gjetter er Argentina. Kva er det med jenter og Kambodsja? Eniveis, vi kom plutselig til grensa og der var det ein haer av folk som sprang rundt og fiksa visum og greier til oss (og dei tok seg no betalt for det). Greit nok aa betale 10$ for aa berre staa og henge. Og prove aa ikkje svette bort… Muligens den varmaste dagen saa langt. Kjedelig nok saa var det og ein dag med mykje venting ute i varmen. 3 timar totalt tok det fraa vi blei dumpa av i Ahranyaprathet og til vi var over i Kambodsja, i byen Poipet (som er 100 m unna Ahranjaduveit). Vi holdt paa aa smelte vekk og daa vi horte at vi kunne “speede” opp prosessen ved Immigrations ved aa betale vaktene 200 baht, saa tok vi sjansen. Hadde riktignok berre 500 baht paa oss, menmen, 100 ekstra er jo berre 17kr… Morsomt nok kom vakta tilbake med VEKSEL! 4 min etter hadde vi stempel i passa.
Taxi til Siem Reap neste. Vi forestilte oss 7 timar (pr reiseguide) men veiane var jo kjempebra. Var framme etter 2 timar daa vi blei tatt ut av taxien og plassert paa ein Tuk-Tuk! Dvs ein moped med ei 2seter-vogn bakpaa. Kjempeartig! Morsomt nok saa kan lutfattige khmer-folk (eller kambodsjaner om du vil) snakke engelsk! Bra til og med! Og ingen i bangkok?! Velvel, vi var rimelig trotte og koya paa hostellet saa snart vi kunne.
I dag blir siste dagen i Bangkok, forhaapentlig. No skal vi prove aa faa tak i togbillettar til Kambodsja i morgon, og saa skal vi gjere litt sightseeing. Massevis av flotte tempel og palass rundt omkring her! Skal laste opp bilete saa snart vi finner ein inetkafe som klarer det…
Forresten, ingen uonska bowel movements saa langt, saa isteen igaar var nok fra flaske *phew* :)
Oppdatering: Vi fekk fiksa reise til Siem Reap i Kambodsja, men ikkje med tog. Istadenfor blei vi huka inn av eit av dei utallige “turistinformasjonsbyraa” som berre kom med ein deal vi ikkje klarte aa avslaa. 750 baht for heile turen, alt fiksa. Er jo saanne fiksa turer vi har hoert mykje rart om, som at organiserte tjuvraddar gaar igjennom alle baggar i bagasjerom paa buss, men som sagt, eit forslag vi ikkje klarte aa takke nei til. Forhaapentlig er lettvintheita verdt risken.
Saa skulle vi gjere litt sightseeing, men endte opp med aa berre faa sett eitt tempel med masse bjeller paa, heh, heilt sant, skal laste opp bilder etterkvart. Daa vi skulle til nabo-sighten saa kom det ein tuk-tuk-kar og tok den tradisjonelle scamen med aa paastaa at det var stengt her, “come again after 5, in the mean time you should check out x, y, z, og husk aa faa med w ogsaa, special free entrance, only today!” Alle tinga var vel spredde over eit omraade paa mange kvadratkm, men det var ikkje noko problem, for han kunne koyre oss rundt, berre 10 baht, special price only today! Jaja, ein av dei meir ufarlige lureria heldigvis, som vi kunne berre gaa fraa. Men saa gjekk resten av dagen til eting, svetting og kikking paa alle dei fine tinga i khosan road. Trur vi maa skaffe oss ein koffert til suvenirar naar vi skal heim :)
Kan ikkje sei at sovnkvaliteten var heilt paa topp, men saann er det vel naar ein maa omstille seg til 32 grader og 6 timar fram i tid. Saa det blei ikkje frokost for 12-13. Vi maatte gjere litt handling av ting og tang, saa fann oss ein taxi for aa dra til kjopesenter, men denne gongen hadde vi med eit turistkart med thai-bokstavar for dei ulike plassane. Problemet denne gongen var todelt: Sjaaforen var heilt i ustand til aa relatere seg til trykka kart over gater (eg har forsaavidt moett oslo-folk som ikkje skjonner oslokart ogsaa daa) men han kunne antakeleg ikkje lese heller. Forst daa vi provde aa uttale gatenavna paa ordentlig thaiengnorsk skjonte han kor vi ville. Forrykande kjoring i desse gatene! Og ingen setebelter sjolvsagt…
Og kjopesentra var DIGRE! Brukte heile dagen i berre det eine og steike, trur eg maa kjope ein ekstra koffert paa vegen heim for a faa plass til alle souvenirane eg har lyst paa! Masse bra pyntegreier og silkeskjerf, kjoler, putetrekk, buddhaer +++.
Saa det var det einaste dagen gjekk med til. Det pluss aa engste seg for den isteen med isbitar vi fekk paa den eine restauranten… Vi drakk den veldig fort, for isbitane fekk smelta. Men saa kom vi paa at kanskje det var heimelaga iste, laga av springvatn… Forhaapentlig saa var teen kokt opp forst… uffamei! no var vi litt dumme..!