Tag Archives: Baphoun

Dag 6 – Kambodsja – Siem Reap

Vi stod opp muy tidlig, klokka 4(!) for aa vere klar til Tuktuk-forer Sam kom og henta oss 5. Vi skulle nemlig opp til Angkor Wat og sjaa paa soloppgangen. Angkor Wat var eit av hovedmaala med turen for meg, saa eg var supergira, og det var lett aa staa opp. Spes sidan eg omtrent ikkje hadde sovd i det heile (Gidd ikkje aa spare 5$ paa a ikkje ha A/C meir, det er no heilt sikkert, tom Tuva sleit). Eniveis, vi kjorte tuktuk dei 1.5mila i stummande morke, einaste lysa var alle dei 1000 andre tuktukane og mopedane og bussane som og var paa veg opp…

tuktukfoerer Sam
Tuktukfoerer Sam koyrer oss rundt i Angkor Archeological Park

Likevel, vi kom oss paa plass klar til aa sjaa sola staa opp. Det var veldig spennande aa gaa inn paa det svaere ruin-omraadet i stummande morke og berre *fole* at vi var inni noko DIGERT og gammelt! Og saa kom sola, litt over 6 om morningen og der kunne vi endeleg sjaa Angkor Wat i all si prakt :) Det var berre aa sette igang aa utforske. Vaeret og stemninga var skikkelig deilig. Provde aa ta gode bilder, men er redd det er mest bare mange bilder. Vanskelig aa faa enorme ruinar inn paa eit lite ccd-kort altsaa!

Angkor Wat i soloppgong
Angkor Wat i soloppgong

Eit anna lyspunkt der inne (Angkor Wat er berre ein av rundt 80 ruinar fordelt paa 3000 kvadratkilometer!) var to kjempeartige khmer-jenter. Dei ville egentlig berre ha pengane vaare, men dei prata saa godt engelsk at vi blei staande i sikkert ein halvtime og berre prate om alt mulig. Dei var veldig fascinerte av mi veldig sol-sjenerte hud, og det var igrunn litt awkward aa hore dei staa og sei at dei onska aa vere saa lyse (okei daa, kvite) som meg (iom at bleik impliserar rik). Ein ting er aa sjaa paa daude ruinar, men det er skikkelig flott aa komme i kontakt med dei lokale. Spes khmer-folk, dei er skikkelig blide og usjenerte! Naar vi tuktukar saa vinkar og smilar ungar saavel som gamle til oss :) Rett nok er det litt plagsomt naar vi blir omringa av jenter som skal selge armbaand, postkort etc (tri fah van dollah, special prais today), men det er berre aa sporre dei ka dei heiter og kor gamle dei er, saa kjem dei heilt ut av den hjernevaska salgsreplikken (ganske morsomt faktisk). Og naar dei spor kor vi kjem fraa (norway) saa kjem OSLO opp augeblikkeleg! Dei laerer visst hovedstadar paa skulen :) Ikkje at skulegang er utbreidt. Kambodsja har ei ulukkeleg historie bak seg (med Raude Khmer), saa dei ungane vi har sett saa langt her i turistbyen Siem Reap er nok av dei bedre stilte.

Khmer-jenter
To kjempehyggelige Khmer-jenter som ville ha baade hud og pengar av oss ;)

Uansett, for berre 15$ saa hadde vi Sam heile dagen. Han kjorte oss opp til Angkor Thom, eit stoort omraade med enno fleire ruinar, armband som skulle selgast og japanske flokk-turistar. Vi fekk med oss blant anna Baphoun, muligens verdens storste puslespel. Under ein av krigane (paa 60 talet trur eg det var) saa bestemte arkeologane seg for aa demontere heile skiten og katalogisere alle steinane for aa passe paa at det ikkje skulle bli bomba i stykker. Dessverre saa gjekk teikningane tapt… Forbausande mykje stein er lagt paa plass, men det er framleis mykje igjen i haugane som ligg rundt tempelet.

Tuva framfor Bayon
Tuva leser seg opp paa Bayon inni Angkor Thom, er ein kjemperuin fullstendig dekka av digre Buddha-andlet (eller andletet til den paranoide keisaren)

Vi gjekk og ein tur i Bayon, eit palass som ein noko paranoid keisar fekk bygd. Den er dekka av svaaaere andlet, som antakeleg ikkje er buddha-andlet, men hans eige, saann at alle hans undersaattar hadde augene hans i nakken til eikvar tid.

Dessutan fekk vi med oss Ta Prohm, kjent som jungeltempelet som og har vore med i Tomb Raider-filmen. Dessverre har nokon luringar innsett at turistane liker det veldig godt, saa dei har begynt aa rydde og restaurere det (tusentakk) naar heile poenget var at det nettopp saag ut som om jungelen var i ferd med aa sluke det. Jaja, det var no nokon Three-in-temple-motiv der uansett daa.

Meg i Bayon
Jess beibi, ekte turist med sokkar og sandalar! (Til mitt forsvar saa var det for aa beskytte mot myggen for sola stod opp. Tok dei av rett etter at biletet blei tatt ;)
Puslespel
Tuva har skikkelig trua paa at dei skal klare aa pusle ferdig Baphoun
Ta Prohm
Eit av dei beromte "tree in temple"-bileta alle turistar maa ta (men no uten sokkar i sandalane)

Tilslutt, klokka 15 var vi heilt utslitte. Vi berre maatte heim og slappe av. Tok ein deilig dupp i bassenget, spiste nydelig frukt (hermetikkananas blir aldri det samme igjen for meg) og tok ein etterlengta powernap.