Tag Archives: Yosemite

Yosemite, CA

Først så vil eg berre kommentere flyturen frå Newark til San Fransisco med Continental. Det viste seg å vere usa sitt svar på Ryan Air, ein lei overraskelse vi fekk først då vi var ombord. Seks timar flytur, utan så mykje som ein complimentary sjokoladebit (heia Widerøe!). Ikkje eingong ei flaske vatn var mogleg å få, skjønt, vatn i plastikkopp kunne vi få alt vi ville av (inkludert sliten hand etter 5 timar med halde-koppen-øving). Prikken over i-en var at vi måtte betale for å få sjå film på tven i stolsetet framom… Hadde aldri trudd eg skulle skryte av SAS, men her vant dei, knapt.

Uansett, det viktigaste på etappe 2 i usa-ferien vår var ikkje komfort på flyet, men bra leigebil. Det var berre såvidt vi klarte å halde inne frydefyll knising (dvs, lars klarte det bra) då vi fekk nøklane til vår mobile heim for dei neste 18 dagane, ein 2011-modell ford escape suv, med alt eg hadde drømt om. Den korte lista: lyd-inngang til mp3spelar, nedfellbare bakseter (til overnatting), cruise control (insta-addict), bakkeklaring jazzen vår får plass under og ei fyldig bruksanvisning til automatgir. Raskare enn vi kunne sei “hjelp, kva fil skal eg ligge i no”, så var vi på veg austover mot første stopp på roadtripen, Yosemite nasjonalpark.

Ved ankomst 37 mil seinare begynte vår naive jakt på soveplass inni nasjonalparken. Det visar seg at det ikkje er lov å sove i bil, med mindre det er ein bobil, på campingplassane. Vi kunne få leige telt for over 100 usd, men etter å ha betalt like mykje for å sove på hotell i byen, så var det noko uaktuelt. Så då fekk vi allereie første dagen på vegen, sjansen til å teste ut kor bra bensinslukaren fungerar som bobil. Steg 1: finne ei bra lomme å parkere i langs den eine vegen som er uttafor nasjonalparken og mykje brukt til overnatting. Steg 2: Finne ut korleis seta skal leggast ned (ingen magic seats her, 0-1 til jazzen). Steg 3: balansere bagasjen i framseta for å få plass til soving bak. Steg 4: slenge bagasjen tilbake i baksetet når lars spør “Hørte du den lyden..?” Å bli bjørnemat har sålangt ikkje blitt lagt inn i reiseplanen, så eg satt klar med nøkkelen i tenningen i løpet av brøkdelen av eit sekund, mens lars blei ståande ute og såg ut som han syntes heile ideen var rimeleg spennande. 1-0 til meg for overlevelsesinstinkt.

Det farlegaste den natta var likevel berre at vi gløymte å opne vindauga for lufting, og neste dag var vi klar til å gå ein liten fottur inni turist-felle-dalen, Yosemite Valley, om enn med noko skeiv rygg. Lars stod for sti-utvelginga, og han plukka ut ein tur som var “barnemat”. Nøyaktig sitat: ” dette klarer vi lett”. Stien var den såkalla 4-mile trail, meir nøyaktig 7.5 km ein veg, 1000 m stigning opp til 2199 m ved Glacier Point. Det var ingen isbre å sjå på toppen då vi kom dit (2t 40min seinare *nøgd*), men utsikta var fenomenal og nesten 100% verdt strevet ved å gå, når vi i staden kunne køyrt bil heilt til toppen… På nokon måtar minnar Yosemite om naturen heime, det er grønt og frodig, kanskje ikkje like vått, men mykje toppar og dalar her og der. Likevel ser ein at vegetasjonen, skogen, er subtilt forskjellig. Andre typar bartre, større og høgare, mens fjellet består av ein mykje lysare steinart (ikkje spør meg, eg berre leikar geolog) enn den mørke granitten vi er van med. Og på vegen ut av parken sette eg ny pers: 3011 moh! Med bil heldigvis… Dagen blei avslutta på eit koseleg inn rett ved Mono Lake. No gler vi oss til sola står opp i morgon så vi kan sjå korleis det ser ut her! Bilete kjem etterkvart!