Tag Archives: pruting

Dag 22 – Vietnam – Hoi An

Vi var ganske spente idag i og med at vi skulle plukke opp dei tinga vi bestilte igaar. For min del endte skredderfesten opp med 2 haustjakker og 4 kjoler :) Ikkje akkurat saa billig eigentleg, men det var jo veldig artig aa oppleve! Saa hadde vi gleda oss veldig til aa shoppe laus i Hoi An, vi har jo faktisk vore veldig strenge med oss sjolve. Kjopte jo ingenting paa dei fantastiske markeda i Bangkok for eksempel!

Men litt slitsomt var det. Havna i to veldig harde pruteepisodar. Forst paa nokon kjempefine bordbrikkar, dama ville ha 180 kr! Eg sa 80 kr punktum. Etter 10 minutter med hoderisting fraa meg og redusering av pris fraa selger, saa ga ho tilslutt opp. Skulle no berre mangle, ein maa vere veldig klar over at her saa har alle varer to prisar: Rett pris og utlendingspris! Start prutinga paa omlag 30% er tommelfingerregelen. Neste harde pruteepisode var paa den eine jakken eg bestilte som viser seg aa ha litt daarlig innerstoff. Absolutt til aa leve med, men hadde slett ikkje tenkt aa la dei ta 45$ for den jakken. Stemninga blei rett og slett litt daarlig her, men litt sjarm og bruk av kort som at hotellet vaart har ei erfaringsbok der folk kan skrive om opplevingar hos skreddaren samt at (min favoritt som eg har brukt mange gonger i Vietnam): “Happy customer makes New Year lucky for you, bring much success for your business!” Dei er ganske overtruiske her altsaa, knis! Saa fekk pruta ned 8$, kvar dollar var beinhard! Brukte saa masse tid paa skreddarting at vi nesten gloymte aa gjere den obligatoriske sightseeinga:

Baat paa elva i Hoi An
Her var vi og tok bilete av denne fine elvebaaten daa eg spurte Tuva kor posen med jakkene vi henta hos skredder var...
Ooops
Aanei, kor har vi gjort av posen med skredderjakkene vaare?! SKRIIIK!

Doh, vi mangla ein pose! Villmannsspringing mellom mopedar og damer med rishattar for aa leite igjennom dei plassane vi akkurat hadde vore. Heldigvis fann vi posen paa plass nr 3, i butikken til ei kjempetrivelig dame der vi hadde spist opp nesten halve godteskaala hennes ;) Phew! Totalt ein veldig stressande dag, men heilt vaar eigen feil. Handle hos 4 forskjellige skreddarar, proving her og proving der, alle til ulike tidspunkt, vi gloymte omtrent aa spise! Det var berre saavidt vi rakk posten for aa sende alle klaerne heim. Maa sei det blei svindyrt, 6 kg for 80$! Men uaktuelt aa reise 3 veker med enorme haustjakker i sekken. Forresten, Lars, du maa folge med paa om den pakken dukker opp (kan ta alt fraa 1 til 3 veker). Alt i alt har Hoi An vore kjempebra! Skulle hatt litt meir tid her, er visst strender litt utanfor byen og greier og. Velvel! I morgon er det avgaarde til Hanoi, ein by vi ikkje gleder oss noko saerleg til. Men det er paa veg til Halong Bay, som blir forhaapentligvis veldig bra :)