Tag Archives: Luang Prabang

Dag 30 til 33 – Laos – Luang Prabang

Igjen, av og til saa er det deilig aa ikkje ha noko spesielt paa agendaen vaar. Vel, utenom litt shopping paa markedet (haaper det framleis er kaldt heime til eg kjem, sidan eg har handla saa mange skjerf) og litt ymse sightseeing. Det var vel eigentleg berre to ting vi hadde lyst til aa gjere her: faa massasje (er jo nesten obligatorisk paa asia-reise) og dra til Kuang Si-fossane. Forstnemnte var rett og slett veldig funny greier. Vi hadde jo aldri gjort dette for, saa daa vi bestilte 60 min full body massage, saa hadde vi jo i tankane at asiatar er pripne folkeslag, og slett ikkje glad i aa sjaa for mykje hud. Saa daa massosa og massoren (ho og han altsaa) saag at vi hadde paa bikini saa begynte dei aa sprutle (altsaa sprut + le). Og daa dei drog av oss bikinitoppane saa holdt vi paa aa do av latter sjolv..! Han mannlige massoren berre gav opp og drog og henta inn ei jente, han kjente at Tuva var orlite granne skeptisk ;p Syntes at det var vanskeleg aa slappe av innimellom gnikking, knaing, trykking og slag. Hadde liksom ikkje nokon aning om kva det neste som kom var. Plutselig saa krabba dama paa ryggen min paa alle fire, og i det neste saa slo ho laus paa nakken min og drog i taerne saa dei sa Popp! Vel, som sagt, det var veldig funny :) Timen gjekk iallfall fort! Folte meg skikkelig moer etterpaa, som bankebiff.

Luang Prabang night market
Kveldsmarkedet i Luang Prabang

Neste stopp var Kuang Si-fossane. Vel, det var ein foss, og saa ei veldig fin turkis elv med masse smaa badedammar og fiskar som er glade i aa svomme paa menneskefotter. Bilete er flinkare til aa fortelle enn meg, saa dei er paa veg, stay tuned! Generelt saa vert gjerne postar oppdaterte med bilete i tilfelle du ikkje har merka det foer. More later!

bading
Friskt og fint med bad i Kuang Si!
Kuang Si falls
Turkist vatn i Kuang Si-fossene

Dag 29 – Laos – Luang Prabang

Engasjert lesar som du er saa har du sikkert lagt merke til at eg har hoppa over ein dag, nemleg dag 28. Men av og til saa er det berre ikkje stort som skjer. Vi hadde jo bestemt oss for at vi ikkje turde aa utforske Hanoi, i og med at det innebaerer anten aa krysse gatene eller aa kjore taxi over heile byen… Men dag 29 var ein fin ein! Daa drog vi nemleg med fly fraa Hanoi til Luang Prabang i Laos. Heile turen har vi hort saa masse bra ting om Laos, og spesielt LP, og det stemmer paa ein prikk! For det forste, det anbefales sterkt aa ta fly denne vegen. Heilt utrulig lite stressfylt, med visum paa flyplassen ved ankomst. Berre husk aa ta med USD i kontantar… Den korte kjoreturen inn til gamlebyen, det vil seie den delen av LP som har UNESCO verdsarv-status, var kanskje den roligaste koyreturen vi har hatt. Etter all tutinga i baade Bangkok, Kambodsja og *spesielt* i Vietnam, saa er trafikken her oredovande stille. Ikkje noko stress aa faa hotellrom, men standarden er nokon hakk laagare enn vi har budd paa tidligare. Fann ein halshogd kakkerlakk i bossbotta paa rommet vaart, men faar holde sekken laast og skoen klar til hogg…

Men det er altsaa veldig fredeleg her. Gamlebyen ligg paa ei halvoy med Mekongelva rennande forbi. Det er massevis av koselege restaurantar langsmed elva, billige er dei og. Kan slose bort mange timar over ein BeerLao (650 ml for 1usd :)) stirrande ut paa dei mange elvebaatane som fer forbi. Eventuelt saa kan vi kaste bort resten av tida paa kveldsmarkedet! Bunnlinja er vel at her var det triveleg, og ei deilig avveksling fraa alle storbyane vi har vore i saa langt. Men og litt trist aa komme hit, sidan det betyr at vi har komt til sluttetappen paa reisa vaar. Riktignok har vi enno to veker daa, som er det folk flest har paa ferien sin totalt ;p Foler likevel at vi har hatt altfor lite tid til aa rekke over saa mange land. Treffer heile tida paa folk som reiser rundt i mange maaneder. Veit no ikkje om det er heilt for meg, syns det er heilt fint aa vere heime og, saa kanskje neste gong saa faar eg satse paa like mykje tid, men paa faerre plassar. Blir du med denne gongen Lars? ;)