Tag Archives: grotte

Dag 34 til 37 – Laos – Vang Vieng

Vi hadde vaar forste bus break down, 34 dagar ut i reisa, daa vi skulle dra fraa Luang Prabang til Vang Vieng. Turen skulle ta saann 6-7 timar i utgangspunktet, veien snirkla seg opp og ned fjellsider og det var opptil fleire strekningar der vi kunne ha spasert fortare enn bussen klatra opp bakkane. Saa stoppa vi plutseleg opp midt i ingenmannsland og til og begynne med saa tenkte eg at bussjaaforen skulle ha royke/tissepause, evt skulle plukke opp nokon bur med hoens (neida, vi har ikkje maatta dele buss med fjorkre, vi reiser trass alt med super vip bus!). Men saa naar eg gaar ut for aa strekke paa beina saa ser eg eit par mannsbein som stikker ut fraa motorrommet og lyden av banking paa metall. To timar gaar og i mellomtida forsvinner det nokon vestlege paa ymse transportmiddel som Tuktuk og lasteplan paa toyota-pickuper. Har flaks og faar haik med eit amerikansk ektepar (han duden liknar paa ein PRIKK paa Larry David!) som har leid minivan. Hurra, dei neste 5 mila gaar som eit blunk :)

Vang Vieng er i utgongspunktet ein stille, liten landsby med etwas 20 000 innbyggarar som ikkje gjer stort ut av seg. For vestlege er byen mest kjent som partybyen i Laos. Vi var litt skeptiske daa vi hadde truffe andre backpackere som hadde komt, sett og dratt igjen. Saa vi var forberedt paa ein god del braak. Fann oss eit utrulig billig, og veldig basic gjestehus, berre 5 $ for dobbelseng, bad med kun kaldt vatn og vasksluk som rant rett ut paa gulvet (pytt sann, spytte tannkremen i do saa gaar det fint!). Vifte over senga har vi og, saa det er jo alt som trengs! Eigarane var no i allfall utrulig hyggelege og sjarmerande folk, vi fann fort ut at vi ikkje orka aa skifte hostel fordi det innebar antakeleg aa skuffe dei. Det beste av alt er at vi er langt unna festebarene, saa vi har det stille og rolig om natta (og dagen og forsaavidt).

Men tilbake til VV. Byen er omgitt av bratte, palmekledde kalksteinsfjell/aaser (avhengig av kva skala ein vil bruke), med Nam Song-elva rennande forbi. Visstnok. Ikkje at vi ser fjella, heile landet er nemlig royklagt. Det viser seg at dei brenner jorder og fjellsider paa denne tida av aaret. Fordi dei ikkje gidder aa *klippe* graset? Trist, fordi sikta er begrensa til 1 km, men paa den andre sida positivt fordi vi ikkje akkurat trenger aa bruke solkrem. Solkrem er vanskeleg aa finne i SO-Asia forresten. I allefall ikkje solkrem som er mindre enn 30 SPF og som ikkje har *whitening effect* (asiatane her bleiker huden sin med kremer, kvit hud er status nemlig!). Vil jo ikkje komme heim og vere bleikare enn for eg drog..! Mental huskelapp til neste gong: Hamstre solkrem i Norge for ein drar til desse traktene.

VangVieng
Vang Vieng er omringa av kalksteinsklipper og aasar. Visstnok, ikkje at vi kunne sjaa saa langt.

Med party folger og ulovlege substansar, saa ein maa passe seg litt for kva meny ein bestiller pannekaka eller omeletten sin fraa. Nedanfor er eit dome paa menyen for dei som ikkje er ute etter mat… Opiums te, nokon? ;p

special menu
I VV maa ein vere forsiktig med kva ein bestiller til frukost. Happy betyr ikkje ekstra ananas paa pizzaen...

Festinga foregaar hovudsakleg paa ei oy i elva og helst vert spriten drukke fraa smaa sandkasse-plastbotter (gnitne nordmenn og -kvinner er daarleg stilte naar to *glass* med rom&cola kostar like mykje som den botta…). Men fyllesjuke i denne varmen kan ta hardt paa altsaa..! Av andre artige ting ein kan fordrive tida med er aa sitte paa dei mange restaurantane og barane og glo paa Friends og Family Guy. Maa innromme at vi blei litt fanga av tven og tilbrakte eindel timar hypnotisert til dei fine lcd-tvane dei har her. Friends er faktisk utruleg morsomt! Servitorene syns nok vi vestlege er ganske merkelege :)

Vi tok oss og ein ikkje saa liten sykkeltur ut av byen til ei Pha Thao-grotta (viss eg husker rett), 15 km nord for VV. Fin sykkeltur, men sykkelsetet provde aa spise opp rumpa mi, saa det var berre viljen som fekk meg fraa A til B og tilbake til A igjen. Men grotta var definitivt verdt det. Alle andre grotter eg har besokt har vore skikkelig turistfeller med trappetrinn, innvendig lys og gelendere. Her var det knapt mulig aa sjaa kor inngangen var. Og grotta var bekmork! I regntida er den nok fylt med vatn, men no var det heilt tort (dessverre). Eg og Tuva gjekk inn der, heilt aaleine, kun utstyrt med nokon pinglete lommelykter,  “drypp drypp” av vatn fraa stalaktittar i taket og taake fraa pusten vaar som gjorde det vanskeleg aa sjaa med hodelykt. Vi gjekk fraa store kammer til trange gongar og tilslutt stoppa vi fordi det rett og slett blei for skummelt. Saerlig det at taket blei veldig lavt etterkvart. Men det var skikkelig fint der inne! Det glitra av krystallar i steinen, baade solv og gullfarga. Ikkje superideelle fotoforhold, men maatte jo gjere eit forsok paa aa fange venleiken, som det heiter!

pha thao
Alt som glitrar er gull, er det ikkje?
Landsby VV
Fredeleg paa landsbygda