Category Archives: USA

Travelling in the States

Las Vegas, NV

Vi kom ikkje til Las Vegas før nærmare 12 på natta. Etter mange timar med køyring i stummande mørke (spedd ut med blendande frontlys frå møtande idiotbilistar), var Las Vegas som ei openberring der ljoshavet titta fram mellom mørke fjellsider. Vi kjøpte oss ny gps då vi var i New York, og no fekk den vist kva han er god for. Likevel, sjølv om vi skulle til Stratosphere Hotel, med sitt veldig distinkte, kjempehøge tårn (109 etasjar eller 300 og mange-meter), så endte vi opp med 1 ekstra mil i bomkjøring. Sjåfør-Lars var nær ved å få sammenbrot og etter 3 minutt med hiksting over rattet endeleg trygt framme i parkeringshuset, så erklærte han meg som fast bykjører frå no av.

Det blei tre netter i Las Vegas på oss. Kva skal ein sei om Las Vegas? På dei fleste måtar som alle andre storbyar, høghus her og der, seks-felts-motorveg (pr fartsretning) midt i bybiletet, og generelt ikkje så veldig “pen” arkitektur. Når ein ser litt etter finn ein detaljar som skil seg frå det meste anna. Folka inni byen er eitt døme. Så utrulig mange representantar frå kvar sin ekstreme stereotyp på ein plass har eg ikkje sett før, ikkje eingong på charterferie på Kypros (den gongen vi kjørte feil og hamna i Agia Napa). Alt frå bling-bling-yoyo i’ll bust a cap in yo ass til ølmage-titter-ut-under-supporter-singlettar-trailersjåfør-mannar; ho’s som brukar tubetoppar som kjoler og knekke-nakken-stilettar og tjukke damar med valker som prøver å sprenge seg ut av bikinien mens dei spaserer gjennom fire-stjerners-hotell-lobbyar på veg frå bassenget til, eg håper, hotellrommet for å kle på seg. For ikkje å gløyme pensjonistane som speler vekk trygda si på einarma bandittar (det gjeld å satse på 1 cent-maskinene, dei har jo eit par år igjen på seg).

Gambling er jo det det heile handlar om. Lars var veldig interessert i å prøve seg på litt 21, men helst då på maskin. Etter litt lobbyering fekk eg han med på at det er jo berre teit å spele pengar på noko som i beste fall berre er semi-random, men som heilt sikkert og er litt ektsra vekta til husets fordel. Prega av prestasjonsangst sette han seg ned med wikipedia for å lese seg opp på spelereglane. To timar seinare så har ikkje Lars lenger lyst til å spele… Så det blei ikkje gambling på oss i Las Vegas. Derimot fekk vi sett
* Las Vegas by-night frå utsida, og toppen av, Stratosphere Tower
* løvene i MGM Grand (som heldigvis ikkje bur der fast)
* Pyramidehotellet Luxor
* Fonteneshowet til Bellagio
* Pyroshowet til Mirage
* Sireneshowet til Treasure Island [1]
Så kalte vi det for ein dag og rømte tilbake til det fredelege hotellrommet. Mål nummer to var å få shoppa litt, men med ein motvillig mann så blei det ikkje å mykje som eg kunne tenkt meg, hrmpf. Hadde vi hatt meir tid, og meir ork, så ville vi prøvd å få med oss nokon av dei store showa i Las Vegas, eg trur kanskje det er det artigaste ein kan finne på her i byen. Neste stopp på agendaen er no Grand Canyon, via Zion nasjonalpark, og eg rekner med at det blir ein voldsom kontrast til gamblingbyen.

1. Rimeleg lun humor, og generelt eit bra døme på korleis damekroppar blir brukt som trekkplaster til, ja, kva som helst eigentleg. “Hundemat? Sleng med ei nær naken dame med trutmunn!”

Death Valley, CA

Mål for dagen: nå, og sjå, Death Valley, og ende opp i Las Vegas på kveldstid. Vi kom litt seint i gong med køyringa frå Lees Vining etter ein liten avstikkar til Mono Lake. Etter norsk skala ein rimeleg stor innsjø og ganske salt sidan den ikkje har noko utløp. Lars hadde lyst på ein badetur, men han blei engsteleg for å gå uti då han såg alle småflugene som koste seg i sanda ved vasskanten. Det skal ikkje vere noko særleg dyreliv (fiskeliv?) i vatnet, men noko planteliv var det og på dei stadane sjøgraset var eksponert samla flugene seg for å legge egg. Til stor glede for dei mange måsene (osprey) som berre kunne gå rundt med nebbet opent og glefse i seg munnfullar. Det var veldig festleg å stikke ein fot eller to borti flugene for når dei flykta i skrekk lagde vingeslaga deira ein skikkelig høg og brusande lyd. Så kom det nokon store fluger (les. kjempekveps) og jaga vekk oss…

Tilbake på vegen, retning sørover, mil etter mil fer forbi. På høgresida har vi mektige Sierra Nevada, til venstre har vi dei ikkje like kjente White Mountains. Frå frodige, grøne skogar, går landskapet over til å blir goldt, tørt og bart. Temperaturen stig jamnt (og no har vi funne ut korleis vi skiftar frå imperial units til metric i bil-kåmputeren) til over 30 grader celsius. Imponerande varmt for høgda som har gått frå 2400 moh til rundt 1100 moh.

Så kjem vi inn i Death Valley-nasjonalpark. Heile parken er enorm, 3-4 gonger så stor i areal (etter augemål) som Yosemite, og i motsetnad til namnet så er det generelt mykje planteliv til ørken å vere. Det er over 1000 forskjellige artar av ørkenplantar, der 21 av desse berre fins her, i følge guideboka. Vi somla litt mykje på vegen og kom ikkje ned i sjølve Death Valley før solnedgongstider. Ikkje nødvendigvis så ille, med litt sterk vind og 37 grader så føltes det som å stå i ein kjempehårfønar. Steikande sol i tillegg frista ikkje så mykje. Men det blei eit kappløp med sola sidan eg insisterte på å køyre innom Badwater Basin, nordamerikas lågaste punkt på 88 muh, legg merke til u for under. Såvidt eg veit er det nok ein pers for meg, eg kan i allfall ikkje hugse å ha vore på lågare punkt utan tunneltak over hovudet.

Vi rakk berre såvidt nok solljus til å sanse den svære saltsletta rundt oss. Dei få andre turistane som var like trege som oss forsvann, og så stod vi der ute på sletta i stummande mørke, med berre sus frå vinden som einaste lyd og salt lukt i nasen. Ingen sirisser, fuglekvitter, sus frå verken gras, skog eller vatn. Ikkje eingong ekko frå stemmene våre, berre knasing av salt under føtene (som forresten er nesten heilt reint bordsalt, eller natriumklorid som Lars likar å sei). Veldig stemningsfullt og fredeleg. Så sette vi nasen austover mot Las Vegas, som er alt anna enn fredeleg.

Yosemite, CA

Først så vil eg berre kommentere flyturen frå Newark til San Fransisco med Continental. Det viste seg å vere usa sitt svar på Ryan Air, ein lei overraskelse vi fekk først då vi var ombord. Seks timar flytur, utan så mykje som ein complimentary sjokoladebit (heia Widerøe!). Ikkje eingong ei flaske vatn var mogleg å få, skjønt, vatn i plastikkopp kunne vi få alt vi ville av (inkludert sliten hand etter 5 timar med halde-koppen-øving). Prikken over i-en var at vi måtte betale for å få sjå film på tven i stolsetet framom… Hadde aldri trudd eg skulle skryte av SAS, men her vant dei, knapt.

Uansett, det viktigaste på etappe 2 i usa-ferien vår var ikkje komfort på flyet, men bra leigebil. Det var berre såvidt vi klarte å halde inne frydefyll knising (dvs, lars klarte det bra) då vi fekk nøklane til vår mobile heim for dei neste 18 dagane, ein 2011-modell ford escape suv, med alt eg hadde drømt om. Den korte lista: lyd-inngang til mp3spelar, nedfellbare bakseter (til overnatting), cruise control (insta-addict), bakkeklaring jazzen vår får plass under og ei fyldig bruksanvisning til automatgir. Raskare enn vi kunne sei “hjelp, kva fil skal eg ligge i no”, så var vi på veg austover mot første stopp på roadtripen, Yosemite nasjonalpark.

Ved ankomst 37 mil seinare begynte vår naive jakt på soveplass inni nasjonalparken. Det visar seg at det ikkje er lov å sove i bil, med mindre det er ein bobil, på campingplassane. Vi kunne få leige telt for over 100 usd, men etter å ha betalt like mykje for å sove på hotell i byen, så var det noko uaktuelt. Så då fekk vi allereie første dagen på vegen, sjansen til å teste ut kor bra bensinslukaren fungerar som bobil. Steg 1: finne ei bra lomme å parkere i langs den eine vegen som er uttafor nasjonalparken og mykje brukt til overnatting. Steg 2: Finne ut korleis seta skal leggast ned (ingen magic seats her, 0-1 til jazzen). Steg 3: balansere bagasjen i framseta for å få plass til soving bak. Steg 4: slenge bagasjen tilbake i baksetet når lars spør “Hørte du den lyden..?” Å bli bjørnemat har sålangt ikkje blitt lagt inn i reiseplanen, så eg satt klar med nøkkelen i tenningen i løpet av brøkdelen av eit sekund, mens lars blei ståande ute og såg ut som han syntes heile ideen var rimeleg spennande. 1-0 til meg for overlevelsesinstinkt.

Det farlegaste den natta var likevel berre at vi gløymte å opne vindauga for lufting, og neste dag var vi klar til å gå ein liten fottur inni turist-felle-dalen, Yosemite Valley, om enn med noko skeiv rygg. Lars stod for sti-utvelginga, og han plukka ut ein tur som var “barnemat”. Nøyaktig sitat: ” dette klarer vi lett”. Stien var den såkalla 4-mile trail, meir nøyaktig 7.5 km ein veg, 1000 m stigning opp til 2199 m ved Glacier Point. Det var ingen isbre å sjå på toppen då vi kom dit (2t 40min seinare *nøgd*), men utsikta var fenomenal og nesten 100% verdt strevet ved å gå, når vi i staden kunne køyrt bil heilt til toppen… På nokon måtar minnar Yosemite om naturen heime, det er grønt og frodig, kanskje ikkje like vått, men mykje toppar og dalar her og der. Likevel ser ein at vegetasjonen, skogen, er subtilt forskjellig. Andre typar bartre, større og høgare, mens fjellet består av ein mykje lysare steinart (ikkje spør meg, eg berre leikar geolog) enn den mørke granitten vi er van med. Og på vegen ut av parken sette eg ny pers: 3011 moh! Med bil heldigvis… Dagen blei avslutta på eit koseleg inn rett ved Mono Lake. No gler vi oss til sola står opp i morgon så vi kan sjå korleis det ser ut her! Bilete kjem etterkvart!

new york, new york

Så var årets ferie endeleg her og eg er eit godt steg vidare på å bli ein globetrottar! Oppladinga var ikkje heilt optimal, eg fekk meg ein “svipptur” til Sandnessjøen pga begravelse (det er altså ikkje mogleg å svippe 100 mil t/r her i landet), og Lars stressa med å bli ferdig med (første utkast til) sin siste phd-artikkel. Så då vi ramla av flybussen midt i Manhattan i NYC var vi litt “what now?”. Sjokkert og aldeles positivt overraska ser eg Lars dra opp ei utskrift frå sekken: “Eg har printa ut kart til hotellet vårt i Queens!”[1] Riktignok gjekk vi eit kvartal i feil retning, men eg gir han den likevel: 0-1 til Lars, for god (les. bedre) planlegging.

NYC må vel vere den ultimate storbyferie. Eg har lært så langt at storby betyr gåing, masse gåing, og di bedre kollektivtilbud det er, di meir ender du likevel opp med å gå. Sjølv med noko dårleg førebuing så fekk vi unnagjort ein del av dei must’a som vi hadde sett for oss.

* Tur til Liberty Island: check! Å legge seg, heilt knekt, i 21-tida gjer underverk for å komme seg opp tidleg nok til los turistas magnetos.

* Shopping: check! Men det viser seg at shopping-algoritmen min bryt sammen når utvalet blir for stort, så resultatet etter ein tur på Macys (100 000 kvm gulvflate…!) var ein stusseleg mascara, kjøpt 15 m innanfor inngangsdøra (men til ein 10-del av norsk pris *knegg*)

* Spise god mat: check! *buuurp*, ’nuff said.

* Empire State Building: check! Den såg vi veldig godt på toppen av Rockefeller ;)

* Ground Zero: check! *gnikke bort hønsenetting-mønster i panna*

* Central Park: check! Kven hadde trudd at det skulle vere mogleg å gå seg vill i ein by-park?!

* Museum: check! Lars sette ned foten, så det blei dinosaurar i stadenfor guggenheim… Vi møtte dessverre ikkje på Ross 8)

* Manhattan skyline at night: check! Vi juksa littegranne og sneik oss opp på taket på hotellet (som “isn’t a roof terrace per se, but if you do go up there, please don’t jump”)

Så no har vi “gjort” ein brøkdel av NYC og konklusjonen er vel at her bør det bli gjort meir, til neste gong ;) Det blei fire fullstappa dagar som nesten tok knekken på oss. Eg gjekk meg faktisk til ein strekk i låret! Men no startar etappe 2 av turen som neppe kjem til å innehalde særleg masse gåing. Om berre nokon timar så henter vi leigebil på flyplassen i San Fransisco og så set vi kursen austover. Hmm, tid for å sette seg ned med kart og plotte kursen… Signing off, klokka kvart på halv fjøstid, San Bruno, California.

[1] 2 tbane-stopp unna Manhattan, og til mykje triveligare pris, anbefales!