I dag blir siste dagen i Bangkok, forhaapentlig. No skal vi prove aa faa tak i togbillettar til Kambodsja i morgon, og saa skal vi gjere litt sightseeing. Massevis av flotte tempel og palass rundt omkring her! Skal laste opp bilete saa snart vi finner ein inetkafe som klarer det…
Forresten, ingen uonska bowel movements saa langt, saa isteen igaar var nok fra flaske *phew* :)
Oppdatering: Vi fekk fiksa reise til Siem Reap i Kambodsja, men ikkje med tog. Istadenfor blei vi huka inn av eit av dei utallige “turistinformasjonsbyraa” som berre kom med ein deal vi ikkje klarte aa avslaa. 750 baht for heile turen, alt fiksa. Er jo saanne fiksa turer vi har hoert mykje rart om, som at organiserte tjuvraddar gaar igjennom alle baggar i bagasjerom paa buss, men som sagt, eit forslag vi ikkje klarte aa takke nei til. Forhaapentlig er lettvintheita verdt risken.
Saa skulle vi gjere litt sightseeing, men endte opp med aa berre faa sett eitt tempel med masse bjeller paa, heh, heilt sant, skal laste opp bilder etterkvart. Daa vi skulle til nabo-sighten saa kom det ein tuk-tuk-kar og tok den tradisjonelle scamen med aa paastaa at det var stengt her, “come again after 5, in the mean time you should check out x, y, z, og husk aa faa med w ogsaa, special free entrance, only today!” Alle tinga var vel spredde over eit omraade paa mange kvadratkm, men det var ikkje noko problem, for han kunne koyre oss rundt, berre 10 baht, special price only today! Jaja, ein av dei meir ufarlige lureria heldigvis, som vi kunne berre gaa fraa. Men saa gjekk resten av dagen til eting, svetting og kikking paa alle dei fine tinga i khosan road. Trur vi maa skaffe oss ein koffert til suvenirar naar vi skal heim :)