Las Vegas, NV

Vi kom ikkje til Las Vegas før nærmare 12 på natta. Etter mange timar med køyring i stummande mørke (spedd ut med blendande frontlys frå møtande idiotbilistar), var Las Vegas som ei openberring der ljoshavet titta fram mellom mørke fjellsider. Vi kjøpte oss ny gps då vi var i New York, og no fekk den vist kva han er god for. Likevel, sjølv om vi skulle til Stratosphere Hotel, med sitt veldig distinkte, kjempehøge tårn (109 etasjar eller 300 og mange-meter), så endte vi opp med 1 ekstra mil i bomkjøring. Sjåfør-Lars var nær ved å få sammenbrot og etter 3 minutt med hiksting over rattet endeleg trygt framme i parkeringshuset, så erklærte han meg som fast bykjører frå no av.

Det blei tre netter i Las Vegas på oss. Kva skal ein sei om Las Vegas? På dei fleste måtar som alle andre storbyar, høghus her og der, seks-felts-motorveg (pr fartsretning) midt i bybiletet, og generelt ikkje så veldig “pen” arkitektur. Når ein ser litt etter finn ein detaljar som skil seg frå det meste anna. Folka inni byen er eitt døme. Så utrulig mange representantar frå kvar sin ekstreme stereotyp på ein plass har eg ikkje sett før, ikkje eingong på charterferie på Kypros (den gongen vi kjørte feil og hamna i Agia Napa). Alt frå bling-bling-yoyo i’ll bust a cap in yo ass til ølmage-titter-ut-under-supporter-singlettar-trailersjåfør-mannar; ho’s som brukar tubetoppar som kjoler og knekke-nakken-stilettar og tjukke damar med valker som prøver å sprenge seg ut av bikinien mens dei spaserer gjennom fire-stjerners-hotell-lobbyar på veg frå bassenget til, eg håper, hotellrommet for å kle på seg. For ikkje å gløyme pensjonistane som speler vekk trygda si på einarma bandittar (det gjeld å satse på 1 cent-maskinene, dei har jo eit par år igjen på seg).

Gambling er jo det det heile handlar om. Lars var veldig interessert i å prøve seg på litt 21, men helst då på maskin. Etter litt lobbyering fekk eg han med på at det er jo berre teit å spele pengar på noko som i beste fall berre er semi-random, men som heilt sikkert og er litt ektsra vekta til husets fordel. Prega av prestasjonsangst sette han seg ned med wikipedia for å lese seg opp på spelereglane. To timar seinare så har ikkje Lars lenger lyst til å spele… Så det blei ikkje gambling på oss i Las Vegas. Derimot fekk vi sett
* Las Vegas by-night frå utsida, og toppen av, Stratosphere Tower
* løvene i MGM Grand (som heldigvis ikkje bur der fast)
* Pyramidehotellet Luxor
* Fonteneshowet til Bellagio
* Pyroshowet til Mirage
* Sireneshowet til Treasure Island [1]
Så kalte vi det for ein dag og rømte tilbake til det fredelege hotellrommet. Mål nummer to var å få shoppa litt, men med ein motvillig mann så blei det ikkje å mykje som eg kunne tenkt meg, hrmpf. Hadde vi hatt meir tid, og meir ork, så ville vi prøvd å få med oss nokon av dei store showa i Las Vegas, eg trur kanskje det er det artigaste ein kan finne på her i byen. Neste stopp på agendaen er no Grand Canyon, via Zion nasjonalpark, og eg rekner med at det blir ein voldsom kontrast til gamblingbyen.

1. Rimeleg lun humor, og generelt eit bra døme på korleis damekroppar blir brukt som trekkplaster til, ja, kva som helst eigentleg. “Hundemat? Sleng med ei nær naken dame med trutmunn!”

2 thoughts on “Las Vegas, NV”

  1. Kan det tenkast at “motvillig” er ein eufemisme for “sur”?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *