Heile poenget med aa dra til Hanoi var aa komme oss paa baattur til Halong-bukta, ein UNESCO-verdensarv plass. Halong Bay oversettes til noko saann som “Drage-bukta”, fordi den er full av smaa (og nokon store) oyer av kalkstein som ser ut som drageegg. Totalt er det vel 3000 oyer, men “berre” 2000 som vert rekna som verdensarv.
Dag 25: Vi blei plukka opp paa hostellet saman med ein 10 andre unge folk (Canada, Australia og UK var sterkt representert) og kjort dei 3 timane til Halong City. Der blei vi innlosjert paa ein baat, som morsomt nok vert kalla for “junk”. Det vil seie: “Welcome to our junk”, heh, det hores rett og slett veldig funny ut! Men baaten var slett ikkje soppel, den var kjempefin og veldig koselig! Hadde ikkje forventa aa faa rom med eige bad, varmtvatn, A/C og ja, luksus! Maten vi fekk servert var og skikkelig fin, kokkane hadde brukt masse tid og energi paa presentasjon, det er heilt sikkert.
Aktivitetane idag bestod i aa baate til ei oy der vi fekk omvisning i ei veldig stor grotte. Det var vel berre semiinteressant. Guiden vaar brukte mest tid paa aa peike ut stalagmittar som likna kyllingar eller damer, naar kanskje historien om plassen er meir interessant (T.d. hadde soldatar brukt grottene til aa goyme seg i under krigen for uavhengigheit fraa Frankrike). Etterpaa saa padla vi litt rundt i tomannskajakk. Det var ganske mange turistar ute, heile bukta er full av junks (og eindel soppel generelt, men det kan virke som om dei ryddar opp innimellom), men vi var heldige og holdt oss heile tida foran dei store massene. Saa vi fann oss ein “tunnel” som leda inn i ei lukka bukt der det var veldig fint og deilig fuglekvitter. Resten av dagen laag vi for anker og berre slappa av paa baaten. Var astronomiske prisar paa olen saa det blei ein rolig kveld. Karaokemaskina virka heller ikkje, saa det er vi vel ganske glade for eigentleg… :) Vi har forresten vore veldig heldige med vaeret! Fine 25 grader (tippar eg) og sol. Vi traff jo paa ei fransk jente i Kambodsja som hadde opplevd 10 grader her. Det er jo vinter visstnok ;)
Dag 26: Sov godt, men kunne godt hatt eit par timar til. Tidleg frukost, som var ein gedigen skuffelse. Toastloff i dag og! Med syltetoy som bestaar av 60% sukker, 25% baer og resten fargestoff, og ekkelt smor. Heldigvis hadde dei egg og iom at halvparten av folka her er vegetarianarar (raringar) saa kunne eg jaffal forsyne meg med det. Sidan vi kom opp nord i Vietnam saa har eg slitt skikkelig med appetitten, er sulten konstant! Veldig rart, det maa rett og slett vere saann at apetitten min blei heilt bedovd daa vi var i varme strok lenger sor. Saa gaar rundt og smaaspiser paa peanotter og Oreo-kjeks, ikkje akkurat ideelt. Blir rett paa diett naar eg kjem heim! Uansett, vi maatte av baaten til kl 8, daa vi la til kai paa Cat Ba Island, ei ganske stor oy. Der gjekk vi forst paa “fjelltur”. Fjell i hermeteikn for aasen var berre 220 moh, og vi var allerede ganske hogt daa vi starta. Men det var bratt og vi fekk skikkelig puls. Deilig med litt trim! Omtrent som aa gaa paa Kaldestadaasen, berre litt kortare. Toppen vi kom opp paa hadde vel berre plass til saann 10 personar, saa vi snudde med eingang vi kom opp, det var nemlig 40 til paa veg… Saa drog vi til hotell i Cat Ba “City”, som berre bestaar av hotell og pubar, eller Bia Hoi, der Bia staar for Beer. Uttales med skikkelig Arnold-aksent :D Vel, i folge meg daa… Etter lunsj drog vi ut paa ein liten baattur til Monkey Island. Her var det ei fin strand med masse skjell og fine svarte lavasteinar (plukke plukke plukke), men det var ogsaa aggressive apekattar her… Vi kom dit sammen med kanskje 30 andre turistar, deriblant nokon idiotiske asiatar som gav dei sjokolade og ol (passar bra med inntrykket av at asiatar berre tar null hensyn til baade folk og natur) saa det er jo ikkje rart at apene blir bra spro av ein saann diett. Problemet er at naar dei har spist opp saa vil dei ha meir og daa kjem dei springande. Dei har og laert seg at folk har saann snacks i sekkar og posar saa det gjeld aa holde fast paa sakene sine. To andre nordmenn hadde ikkje faatt advarselen om at apene var saa aggro, saa daa dei hadde gaatt litt opp i aasen for aa faa utsikt saa hadde dei blitt omringa av dei, olboksar og vannflasker stjelt ut av posen deires og tilslutt blei dei angrepet, begge to med blodige bitemerker aa vise til. Rabiessproyter neste… Saa den forste halvtimen var veldig fin og avslappande med soling paa stranda, den neste saa stod eg og Tuva i vannkanten med sekken paa ryggen klar til aa legge paa svom for aa flykte!
Dag 27: Hotellet vi budde paa var ein slags blanding av fint og cheesy, men det hadde den beste senga vi saa langt har sovd i paa heile turen. Var derfor litt lei meg for at det blei saa lite sovn, noko som var vaar eigen feil daa vi gjekk ut for aa drikke litt ol paa kvelden. Er jo fint aa vere sosial med dei hostellfolka daa! Var heldigvis lite som stod paa programmet: sette seg paa baaten og dra tilbake til Halong City, der vi spiste lunsj. Har blitt veldig lei av den maten no, faar servert berre det samme, alle dagene. Problemet er jo at det ikkje er proporsjonert for vestleg apetitt, pluss at det er saann tapas-aktiv, med bittelitt av fleire rettar. Inkludert ein rett med blekksprutarmar og sugekoppar, AESJ!
Det var godt aa vere tilbake til hostellet igjen for aa slappe av med hjernedau tv-titting. Problemet vaart no er berre at sidan vi prover aa unngaa aa ta ut meir vietnamesisk Dong (hehehe) fordi den er ubrukelig og uvekselbar, foer vi reiser til Laos paa mandag, saa lever vi paa eit heilt utrulig begrensa budsjett. Blei heilt paa graaten daa den eine brodskiva mi spratt ut av brodristaren og paa gulvet (3 sek regelen gjeld IKKJE her!) fordi eg gaar rundt og er sulten heile tida, men vi har berre saann 20 kr totalt til overs utenom dei faste maaltida, som skal gaa til vatn og klesvask, saa buhu!