Dag 15 – Vietnam

Saa dagen igaar var ikkje heilt toppers. Antakeleg litt urettferdig aa skylde datavirus paa Phnom Penh, men kanskje det var litt oppsamla bitterheit for aa maatte dra fraa dei bra plassane altfor tidleg (dvs Sihanoukville og Siem Reap). Uansett, TTYL Cambodia, TTYN Phnom Penh!

Neste stopp paa agendaen er Ho Chi Minh City (altsaa Saigon), Vietnam. Det stod i guidebokene vaare at vi maatte rekne med minst to timar i immigrasjonen, men det busselskapet vi drog med var berre heilt utrulig effektive! Det var over paa sikkert ein halvtime, og daa var vi full buss paa ca 50 personar. Skal seies at under prosessen saa stod alle vi vestlege som sporsmaalsteikn paa to bein, men det ordna seg ganske bra. Ikkje blei vi bedt om aa vise fram bevis paa at vi skal reise ut av landet innan 15 dagar (som er krav pr norsk UD for visumfri innreise).

Etter berre 6 timar var vi framme i Saigon. Vi hadde jo blitt raada i ost og vest om aa ikkje dra inn under kinesisk og vietnamesisk nyttaar, men akkurat i Saigon ser det ut til aa vere heilt knall! Trafikken er jo skikkelig bedageleg! Etter dei andre byane vi har vore i saa er det jaffal ikkje noko stress aa krysse vegane. Og saa er heile byen pynta skikkelig fint med raude og gule blomar overalt, og etter triste og skitne PP saa er det ein veldig fin avveksling. I forhold til det vi har hort om aggressive og innpaaslitne vietnamesarar saa har vi ikkje saalangt stott paa nokon, tvert i mot. Bor paa det hyggeligaste hostellet (og det finaste og reinaste) saalangt! Men vi maa passe godt paa aa sjekke restaurantrekningen, for dei har ein tendens til aa *anta* at vi brukte vaatserviettane dei kom med (og som dei ikkje forklarte at kostar pengar), noko vi sjolvsagt ikkje har gjort. Reisebokene har rett i noko i allefall! Vi feira litt nyttaar vi ogsaa idag, med akkurat passe med ol (dvs nok til aa sjaa at dei tok betalt for ein for mange, men ikkje til aa legge merke til at prisen pr stk var mykje hogare enn han skulle vere) og vinterOL paa tven :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *