Dag 2 – Ankomst Bangkok

Saa, den store forskjellen mellom aa reise paa okonomi og business-klasse er at paa forstnevnte saa kan flyturen ikkje vere over ferdig nok, mens paa business saa kan vi godt fly litt til ;) Ikkje at vi landa heilt utkvilte, det er fremdeles eit sete vi ligger paa, men det var ganske behagelig altsaa!

Kl 1500 Bangkok-tid stod vi paa Bangkok-jord. I immigrasjonen var det absolutt ingen sporsmaal om naar vi skulle dra igjen ut av Thailand (saa takk for det Finnair) og bagasjen kom superfort. Det einaste problemet var at vi raskt skjonte at det fins INGEN minibankar der ein kan ta ut USD, berre thai baht, som saa maa veksles av ein mann i ein skranke. Dvs betale vekslingsrate 2 gangar antakeleg. Greit aa vite til neste gang. Men saa fann vi oss ein Public Taxi, veldig fargerik, med ein tilsynelatande utaalmodig og faamelt sjaafor som ba oss om penger for kvar bomstasjon. Veldig ryddig og grei. Innsaag fort at han ikkje kunne engelsk i DET HEILE TATT (det gjelde forresten generelt i Bangkok). Problemet kom daa vi skulle kommunisere kor hostellet vaart var. Karta i guideboekene vaare var altfor grove til at hverken vi eller han skjonte noko som helst, og daa vi viste den nedskrevne adressa saa saag han berre uforstaande paa oss. Doh, han skjonte sjolvsagt ikkje ukapitelert latinsk alfabet! Saa tilslutt skreiv vi ned hostellnavnet i store bokstavar paa lapp som han tok med og gjekk litt rundt i gata for aa spoerre folk om hjelp. Bra servis! Tuva var redd han skulle kaste oss ut fordi vi var saa mykje problem, men ingen fare. Daa han kom tilbake smilte han og lo og var skikkelig munter. Vi var jo berre 50 meter unna hostellet! Daa han slapp oss av og kjorte, vinka han :) Slettes ingen sinna mann likevel! Det var forresten 1 time taxitur til den nette sum av 310 baht, eller ca 60 kr… Og hostellet, som var veldig fint og reint, med to senger, eget bad og A/C, kostar ca 300 kr for tre netter, delt paa to pers… Budsjettet burde holde ganske greit iom at Bangkok er den dyreste byen vi skal bo i! Etter deilig 30 krs  middag var det rett i (hard) seng. No er turen begynt paa ordentlig!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *