new york, new york

Så var årets ferie endeleg her og eg er eit godt steg vidare på å bli ein globetrottar! Oppladinga var ikkje heilt optimal, eg fekk meg ein “svipptur” til Sandnessjøen pga begravelse (det er altså ikkje mogleg å svippe 100 mil t/r her i landet), og Lars stressa med å bli ferdig med (første utkast til) sin siste phd-artikkel. Så då vi ramla av flybussen midt i Manhattan i NYC var vi litt “what now?”. Sjokkert og aldeles positivt overraska ser eg Lars dra opp ei utskrift frå sekken: “Eg har printa ut kart til hotellet vårt i Queens!”[1] Riktignok gjekk vi eit kvartal i feil retning, men eg gir han den likevel: 0-1 til Lars, for god (les. bedre) planlegging.

NYC må vel vere den ultimate storbyferie. Eg har lært så langt at storby betyr gåing, masse gåing, og di bedre kollektivtilbud det er, di meir ender du likevel opp med å gå. Sjølv med noko dårleg førebuing så fekk vi unnagjort ein del av dei must’a som vi hadde sett for oss.

* Tur til Liberty Island: check! Å legge seg, heilt knekt, i 21-tida gjer underverk for å komme seg opp tidleg nok til los turistas magnetos.

* Shopping: check! Men det viser seg at shopping-algoritmen min bryt sammen når utvalet blir for stort, så resultatet etter ein tur på Macys (100 000 kvm gulvflate…!) var ein stusseleg mascara, kjøpt 15 m innanfor inngangsdøra (men til ein 10-del av norsk pris *knegg*)

* Spise god mat: check! *buuurp*, ’nuff said.

* Empire State Building: check! Den såg vi veldig godt på toppen av Rockefeller ;)

* Ground Zero: check! *gnikke bort hønsenetting-mønster i panna*

* Central Park: check! Kven hadde trudd at det skulle vere mogleg å gå seg vill i ein by-park?!

* Museum: check! Lars sette ned foten, så det blei dinosaurar i stadenfor guggenheim… Vi møtte dessverre ikkje på Ross 8)

* Manhattan skyline at night: check! Vi juksa littegranne og sneik oss opp på taket på hotellet (som “isn’t a roof terrace per se, but if you do go up there, please don’t jump”)

Så no har vi “gjort” ein brøkdel av NYC og konklusjonen er vel at her bør det bli gjort meir, til neste gong ;) Det blei fire fullstappa dagar som nesten tok knekken på oss. Eg gjekk meg faktisk til ein strekk i låret! Men no startar etappe 2 av turen som neppe kjem til å innehalde særleg masse gåing. Om berre nokon timar så henter vi leigebil på flyplassen i San Fransisco og så set vi kursen austover. Hmm, tid for å sette seg ned med kart og plotte kursen… Signing off, klokka kvart på halv fjøstid, San Bruno, California.

[1] 2 tbane-stopp unna Manhattan, og til mykje triveligare pris, anbefales!

Dag 10 – Kambodsja – Sihanoukville

Ja, vel, NOK ein dag med vekkerklokke. Denne gongen for aa forlate kakkerlakk-reiret (okei daa, vi saag berre den eine, men han har vel brodre vel?) og flytte inn paa eit *hotell*, med alt mulig greier som varmtvatn, a/c, kjoleskap, gratis vannflaske kvar dag som kan puttes inn i kjoleskapet ooog: toflar! Ikkje nokon badekaape, men toflar er ikkje saa verst det heller. Berre eitt par toflar daa, sidan det tydeligvis er eit ettmannsrom, men senga er minst 180 cm breid, saa vi har ikkje noko problem med aa dele. Prisen er ikkje saa verst heller, berre 5$ meir enn paa forrige plass. Mulig at den gode prisen er resultat av ein liten oversettelsesfeil, men saann er det naar arbeidsstokken ikkje kan engelsk (karaoke paa tv derimot er dei gode paa, det er fast innslag i resepsjonen kvar ettermiddag).

Tuva eter frukost

Tuva venter spent paa frukost hos Romeo

LeeLee

Eg og tjommisen vaar hos Romeo, Lee Lee

Saa etter flytting, deilig og billig frukost hos Romeo (samme billige plass som i gaar) saa var det avgaarde paa leigde syklar til Otres beach. Strengt tatt var vi berre 200 m fraa stranda i utgangspunktet, men Otres skulle visst vere best. Den var iaffal skikkelig bra. Veldig lite folk og forholdsvis faa selgerdamer. Vi endte likevel opp omringa av ein gjeng av dei, med hard pruting paa voksing av leggar (etter hoflig avslag paa tilbud om massasje, pedikyr, manikyr, armband etc). Dei har ein kjempemorsom teknikk her som egentlig ikkje er voksing, men minner mest om epilasjon, berre med sytraad! Passa paa aa laere meg teknikken saa det skal eg teste ut :)

I tillegg til nye best friends paa Romeo blei vi kjent med ein globetrottande businessmann fraa USA over ein Angkor-oel igaar. Vi avtalte aa motes paa stranda idag, og saa viste det seg at han har drevet mykje med segling paa meir eller mindre profesjonell basis. Saa han tok oss med paa tur i  ein Hobie Cat, noko som var skikkelig artig! Eg satt fremst og var bolgebrytar, men vatnet her er saa varmt at det er som aa sitte i badekar, saa det var ikkje akkurat noko problem :) Ah, nevnte eg dei fine strendene her? Nydelige! Dei er lange, men ikkje saa breide, til gjengjeld saa er det langgrunt her og ikkje eit snev av verken stein eller tang. Akkurat saann eg liker det!

Hobie Cat

Kjempegoy aa vere bolgebrytar paa Hobie Cat!

Dag 9 – Kambodsja – Sihanoukville

Nok ei natt med vekkerklokka satt paa altfor tidleg, fekk berre saavidt gulpa i oss omeletten til frukost for vi matte komme oss til bussen kl 7. Overraskande nok saa kom vi fram til beach resort-byen Sihanoukville etter berre 4 timar koyring, 1 time for skjema! Klager ikkje paa det akkurat. Hadde ikkje faatt bagasjen ut av bussen for vi var omringa av orten ulike transporttilbud. Viser seg at her saa er det saakalla moto som er tingen, det vil seie aa sitte bakpaa scooter. Vi hadde jo tidlegare blitt enige om aa aldri sitte paa med ein saann punktum, heilt til vi fekk hoyre at tuktuk her koster $6! Berre fordi det er ein antydning til bakke paa veg fraa busstasjonen til hostell-omraadet liksom?! Ikkje eingang slagordet paa plakaten til bildrosjemannen fekk oss til aa godta prisen “Life is worth more than money”… Saa det blei moto til $1 paa oss :p

Vi sjekka inn paa hostel med bungalow, noko som hortes forlokkande ut i guideboka, men som var ein orliten skuffelse. Jada, det var ei trehytte med veranda, men den var ikkje akkurat myggtett, ei heller med varmtvatn (sjolv i denne varmen saa kan det bli ein kald dusja altsaa), men verst av alt var mangelen paa a/c! Trudde vi… Kakkerlakken viste seg aa verre enno litt verre…

Uansett, Sihanoukville virker aa vere ein veldig rolig avslappa by, det er i allefall ikkje noko problem aa krysse gata med tanke paa trafikken. Den er i startgropa til skikkelig turistifisering, noko vi ser av at det er fleire hostell og restaurantar enn det er mopedar. Vi fann oss no lett ein trivelig lokal khmer-restaurant der vi  spiste grilla barracuda med potetar (visstnok har dei potet i kambodsja og!). Namnam! Tuva syns det minna om tunfisk, men eg holder ein knapp paa kotelett (har blitt litt lei av aa berre spise kylling no ja). Godt var det no, spesielt for berre usle 18 kr. For ikkje aa snakke om veldig trivelig vertskap! Sukk, for eit folkeslag :)

Dag 7 – Kambodsja – Siem Reap

Nok ein gong var det tidlig opp (sovnunderskudd er saalangt stikkord paa turen), men denne gongen for aa skifte hostel til eit i sentrum. Det vi bodde paa var berre litt for usentralt og dyrt (sjolv om det var hyggelige folk og deilig basseng). Ein tuktuk-tur seinare var nytt hostell fiks og vi hadde faatt leigd oss syklar (som saag ut til aa synge paa siste verset).

Klokka 11 var vi paa veg til Angkor igjen, denne gongen for egen maskin. Det blei mange halloer og nestenfall av energisk vinking til folk langs vegkanten, kjempehyggelig! Ein anna ting som er spesielt for Kambodsja (her i nordvest i allfall) er at det er paddeflatt! Saa sykling er overhodet ikkje noko problem her. Den einaste bakken vi traff paa var opp og ned over ei bru… Superbedagelig tempo og deilig med vind i haaret.

Vi drog forst tilbake til Angkor Wat, fordi eg lovde igaar aa komme tilbake og kjope ein suvenir av ho veldig sympatiske jenta som ville ha huden min (og pengane daa saaklart). Ho blei saa kjempeglad daa ho saag oss! “You a verri good person, come back like you promise”. Etter litt pruting og prating saa kjopte eg ein 7$ Buddha (evt bodhisatwa? kem veit) i suvenir til mamma (sorry, den er tre og ikkje i gull, men den har gaatt til ein god sak, nemlig profitt til ho jenta med hjerte av gull!)

Saa var det aa sykle videre langs asfalterte, heiltheilt flate landevegar med skog paa alle kantar. Stoppa ved eit par ruinar som vi ikkje saag igaar, men saa innsaag vi at klokka var blitt 4 allerede, og sola gaar ned 6 (og det var ikkje akkurat lykter paa skranglesyklane vaare…). Vi flaut veldig fint sammen med dei lokale i trafikkbiletet, (noko kaotisk men totalt uagressiv trafikk her!) men det er like greit a ikkje utfordre skjebnen.

Saa det var pedal to the medal, iallefall saa langt ein kan sei det om ein 1-girs sykkel med korg paa styret. Problemet var berre at vi var ikkje halvvegs eingong paa den (daa vi tenkte over det) 42km (fortito kilometer) lange ruta vaar! Maatte hoppe over minst to veldig fine ruinar og berre trakke paa. Men vi rakk det! Kom fram til hostellet rett for sola gjekk ned. Baade vi og sykkel kom fram i ein heil bit. Rett nok hadde turen sin pris: Generelt utslitt kropp og sinn og antakeleg permanente sykkelseteavtrykk i rumpa.

Neste no er eitt dogn i Phnom Penh for vi drar til Sihanoukville, den offisielle beach resorten i Kambodsja. Jei :)

Dag 6 – Kambodsja – Siem Reap

Vi stod opp muy tidlig, klokka 4(!) for aa vere klar til Tuktuk-forer Sam kom og henta oss 5. Vi skulle nemlig opp til Angkor Wat og sjaa paa soloppgangen. Angkor Wat var eit av hovedmaala med turen for meg, saa eg var supergira, og det var lett aa staa opp. Spes sidan eg omtrent ikkje hadde sovd i det heile (Gidd ikkje aa spare 5$ paa a ikkje ha A/C meir, det er no heilt sikkert, tom Tuva sleit). Eniveis, vi kjorte tuktuk dei 1.5mila i stummande morke, einaste lysa var alle dei 1000 andre tuktukane og mopedane og bussane som og var paa veg opp…

tuktukfoerer Sam

Tuktukfoerer Sam koyrer oss rundt i Angkor Archeological Park

Likevel, vi kom oss paa plass klar til aa sjaa sola staa opp. Det var veldig spennande aa gaa inn paa det svaere ruin-omraadet i stummande morke og berre *fole* at vi var inni noko DIGERT og gammelt! Og saa kom sola, litt over 6 om morningen og der kunne vi endeleg sjaa Angkor Wat i all si prakt :) Det var berre aa sette igang aa utforske. Vaeret og stemninga var skikkelig deilig. Provde aa ta gode bilder, men er redd det er mest bare mange bilder. Vanskelig aa faa enorme ruinar inn paa eit lite ccd-kort altsaa!

Angkor Wat i soloppgong

Angkor Wat i soloppgong

Eit anna lyspunkt der inne (Angkor Wat er berre ein av rundt 80 ruinar fordelt paa 3000 kvadratkilometer!) var to kjempeartige khmer-jenter. Dei ville egentlig berre ha pengane vaare, men dei prata saa godt engelsk at vi blei staande i sikkert ein halvtime og berre prate om alt mulig. Dei var veldig fascinerte av mi veldig sol-sjenerte hud, og det var igrunn litt awkward aa hore dei staa og sei at dei onska aa vere saa lyse (okei daa, kvite) som meg (iom at bleik impliserar rik). Ein ting er aa sjaa paa daude ruinar, men det er skikkelig flott aa komme i kontakt med dei lokale. Spes khmer-folk, dei er skikkelig blide og usjenerte! Naar vi tuktukar saa vinkar og smilar ungar saavel som gamle til oss :) Rett nok er det litt plagsomt naar vi blir omringa av jenter som skal selge armbaand, postkort etc (tri fah van dollah, special prais today), men det er berre aa sporre dei ka dei heiter og kor gamle dei er, saa kjem dei heilt ut av den hjernevaska salgsreplikken (ganske morsomt faktisk). Og naar dei spor kor vi kjem fraa (norway) saa kjem OSLO opp augeblikkeleg! Dei laerer visst hovedstadar paa skulen :) Ikkje at skulegang er utbreidt. Kambodsja har ei ulukkeleg historie bak seg (med Raude Khmer), saa dei ungane vi har sett saa langt her i turistbyen Siem Reap er nok av dei bedre stilte.

Khmer-jenter

To kjempehyggelige Khmer-jenter som ville ha baade hud og pengar av oss ;)

Uansett, for berre 15$ saa hadde vi Sam heile dagen. Han kjorte oss opp til Angkor Thom, eit stoort omraade med enno fleire ruinar, armband som skulle selgast og japanske flokk-turistar. Vi fekk med oss blant anna Baphoun, muligens verdens storste puslespel. Under ein av krigane (paa 60 talet trur eg det var) saa bestemte arkeologane seg for aa demontere heile skiten og katalogisere alle steinane for aa passe paa at det ikkje skulle bli bomba i stykker. Dessverre saa gjekk teikningane tapt… Forbausande mykje stein er lagt paa plass, men det er framleis mykje igjen i haugane som ligg rundt tempelet.

Tuva framfor Bayon

Tuva leser seg opp paa Bayon inni Angkor Thom, er ein kjemperuin fullstendig dekka av digre Buddha-andlet (eller andletet til den paranoide keisaren)

Vi gjekk og ein tur i Bayon, eit palass som ein noko paranoid keisar fekk bygd. Den er dekka av svaaaere andlet, som antakeleg ikkje er buddha-andlet, men hans eige, saann at alle hans undersaattar hadde augene hans i nakken til eikvar tid.

Dessutan fekk vi med oss Ta Prohm, kjent som jungeltempelet som og har vore med i Tomb Raider-filmen. Dessverre har nokon luringar innsett at turistane liker det veldig godt, saa dei har begynt aa rydde og restaurere det (tusentakk) naar heile poenget var at det nettopp saag ut som om jungelen var i ferd med aa sluke det. Jaja, det var no nokon Three-in-temple-motiv der uansett daa.

Meg i Bayon

Jess beibi, ekte turist med sokkar og sandalar! (Til mitt forsvar saa var det for aa beskytte mot myggen for sola stod opp. Tok dei av rett etter at biletet blei tatt ;)

Puslespel

Tuva har skikkelig trua paa at dei skal klare aa pusle ferdig Baphoun

Ta Prohm

Eit av dei beromte "tree in temple"-bileta alle turistar maa ta (men no uten sokkar i sandalane)

Tilslutt, klokka 15 var vi heilt utslitte. Vi berre maatte heim og slappe av. Tok ein deilig dupp i bassenget, spiste nydelig frukt (hermetikkananas blir aldri det samme igjen for meg) og tok ein etterlengta powernap.

Dag 5 – Reisa til Kambodsja

Vi stod opp for sola og fekk sjekka ut av det hyggelege hostellet vaart. Vel, Tuva syntes det var litt vel sterilt, men det var vel og kanskje derfor eg syntes det var saa bra ;p Uansett, vi var 10 min etter skjema og nervose for om det var drosjer aa faa klokka 6 om morningen. Vi satte ein fot paa gata og der stod det ein taximann og vinka til oss. Transport i Bangkok er altsaa aldri noko problem aa faa..!

Dagen fortsatte bra daa vi var komt oss paa plass i minibussen som skulle frakte oss til grensebyen Ahranyaprathet (saann ca), folka virka baade proffe og greie og sekkene vaare blei lagt inni bussen. Absolutt ingen muligheiter for stjeling der! Interessant nok var vi 2 norddamer, 3 svenske jenter og 2 jenter fraa det vi gjetter er Argentina. Kva er det med jenter og Kambodsja? Eniveis, vi kom plutselig til grensa og der var det ein haer av folk som sprang rundt og fiksa visum og greier til oss (og dei tok seg no betalt for det). Greit nok aa betale 10$ for aa berre staa og henge. Og prove aa ikkje svette bort… Muligens den varmaste dagen saa langt. Kjedelig nok saa var det og ein dag med mykje venting ute i varmen. 3 timar totalt tok det fraa vi blei dumpa av i Ahranyaprathet og til vi var over i Kambodsja, i byen Poipet (som er 100 m unna Ahranjaduveit). Vi holdt paa aa smelte vekk og daa vi horte at vi kunne “speede” opp prosessen ved Immigrations ved aa betale vaktene 200 baht, saa tok vi sjansen. Hadde riktignok berre 500 baht paa oss, menmen, 100 ekstra er jo berre 17kr… Morsomt nok kom vakta tilbake med VEKSEL! 4 min etter hadde vi stempel i passa.

Taxi til Siem Reap neste. Vi forestilte oss 7 timar (pr reiseguide) men veiane var jo kjempebra. Var framme etter 2 timar daa vi blei tatt ut av taxien og plassert paa ein Tuk-Tuk! Dvs ein moped med ei 2seter-vogn bakpaa. Kjempeartig! Morsomt nok saa kan lutfattige khmer-folk (eller kambodsjaner om du vil) snakke engelsk! Bra til og med! Og ingen i bangkok?! Velvel, vi var rimelig trotte og koya paa hostellet saa snart vi kunne.

Dag 1 – Avreise fraa Oslo

1. februar kom og drog, og det var berre saavidt at eg og Tuva og gjorde. Vi troppa opp i god tid til Gardermoen, allerede internett-innsjekka paa Finnair, og var klare til aa lempe bagasjen paa bandet. -“Har ni visum til Thailand?” -“Eh, nei det treng vi daa vel ikkje, vi har jo 30 dgr visumfri adgang!” -“Nei, bara naar ni har flybiljet ut av landet innan 30 dagar” -“… Men… vi skal jo ta buss til Kambodsja…” Vi saag nok ganske desperate ut, for skrankedama skyndte seg aa peike til billettdisken og sa at vi kunne jo alltids berre skaffe oss ein billig billett til ein eller anna plass, og saa skulle ho skrive ut boardingpass til oss.

Med 10 minutt igjen til bagasjeinnsjekk, 5000 kr fattigare (SAS fullflex-billett Bangkok – Phnom Penh var ikkje saerlig billig akkurat) og solid dose adrenalin i blodet fekk vi endeleg boardingpass.  Phew! No maa vi berre faa Lars til aa kansellere det flyet for oss, saa faar vi vel mesteparten av pengane tilbake…

Mellomlandinga skjedde i Helsinki. Ein veldig stille og rolig flyplass. Fire timar flaug forbi og saa var det tid for aa boarde Bangkok. Eg og Tuva gleda oss til aa nyte dei seta anbefalt av seatguru, som vi hadde stressa med aa reservere 36 timar i forvegen. Saa kom vi til boardingpassdama som sa -“I’m sorry, but I have to change your seat” Tuva:-“But I have to sit with her!” og peika til meg. -“That’s ok, i’m changing hers too” Meg: “Ehm, where are you putting us exactly?” -“Business class! There are a lot of people with infants who need the seats you had”. Oss:”……Oh, OK!”

Og jada, vi fekk LIGGESETER! Pledd, puter, deilige headset, dempa belysning +++. Steike bra greier altsaa! Er ikkje flau for aa innroemme at det blei ein liten seiersdans, utanfor synsfeltet til boardingpassdama seff ;)

Klare for ei lang fly reise!

Business class: 11 timer fly er plutselig heilt greit

Sjekk beinplassen!

Kan ikkje klage paa beinplassen, heilt utstrekte bein! Og legg merke til Family Guy paa eigen tv ;)

T-2 dagar

Eg har sjølvsagt klart bragden å  bli forkjølt i nær siste liten. På onsdag fekk eg akutt ondt i halsen, og 24 timar seinare låg eg i sofaen med feber og snørr. Må sei at det ikkje frista i det heile å dra på jobb igår, men i og med at eg skal vere borte 6 veker så følte eg eit visst press på å bli ferdig med det eg hadde lovd prosjektet mitt. Heldigvis er formen raskt stigande! Hosting og harking skal ikkje få holde meg heime. Spesielt ikkje no når eg har gått rundt og sagt til *alle* at eg skal på tur.

Eniveis, eg og Tuva har lagt oss råd nr 1 for backpackere på hjertet: Ikkje overplanlegg turen. Vi har laga oss ei rimelig grov skisse av ei reiserute, med maks antal dagar pr land (tru det eller ei, 6 veker er jo nesten ingenting!). Så, ruta går noko sånn som dette:

Avreise Oslo 1. feb

Thailand ca 4 dagar
– sightseeing i Bangkok m/omegn mens vi skaffar oss visum tilVietnam

Kambodsja ca 10 dagar
– buss til Siem Reap
– Minst to dagar i Angkor Wat! (Her skal kameraet få kjørt seg ;) )
– Buss (eller Bamboo train? :) ) til hovudstaden Pnom Penh
– Strand og avslapping i Sihanoukville

Vietnam ca 2 veker
– Buss til Ho Chi Minh City (bedre kjent som Saigon)
– Henge i HCMC til vi får oss togbillett nordover
– Tog langs kysten med stopp innom kanskje Nha Trang (bade!), Hoi An (skredder!), Hue (sjå!)
– Toglinja stoppar i hovudstaden Hanoi
– Båttur i Ha Long Bay

Laos ca 10 dagar
– Fly frå Hanoi til Luang Prabang
– Loffe sørover til Vientiane

Thailand, igjen, antakeleg direkte til flyplassen i Bangkok

Ankomst Oslo – 15. mars!

Reiserute
Reiserute, Thailand -> Kambodsja -> Vietnam -> Laos -> Thailand

T-5 dagar

Jess, då har eg fått bloggen opp å gå (tydeligvis, for kva elles er det du sit og les på nett no?) , noko som var høgt oppe på 2Do-lista. Ting tar tid, og denne gongen innsåg eg at eg ikkje kom til å rekke å lage min eigen blog frå scratch, i allfall ikkje viss han skulle vere nogonlunde funksjonell med kommentarfelt og sånn halvtrygg (Ikkje prøv deg på noko Trond, eg veit kor du bur). Eg måtte altså krype til korset og få meg WordPress. Kudos til dei folka bak forresten, det var faktisk *skuffande* enkelt å setje opp bloggen!

I og med at det er ein 6-7 timars tidsforskjell så kan ein blogg vere den mest praktiske måten å sende signal heim på om at eg framleis er i live og sånn omlag kor hen i verden eg er. Men ikkje kontakt UD berre fordi det har gått nokon dagar mellom posting, det er jo ikkje godt å sei kor breide banda er der borte…