Dag 3 – Bangkok

Kan ikkje sei at sovnkvaliteten var heilt paa topp, men saann er det vel naar ein maa omstille seg til 32 grader og 6 timar fram i tid. Saa det blei ikkje frokost for 12-13. Vi maatte gjere litt handling av ting og tang, saa fann oss ein taxi for aa dra til kjopesenter, men denne gongen hadde vi med eit turistkart med thai-bokstavar for dei ulike plassane. Problemet denne gongen var todelt: Sjaaforen var heilt i ustand til aa relatere seg til trykka kart over gater (eg har forsaavidt moett oslo-folk som ikkje skjonner oslokart ogsaa daa) men han kunne antakeleg ikkje lese heller. Forst daa vi provde aa uttale gatenavna paa ordentlig thaiengnorsk skjonte han kor vi ville. Forrykande kjoring i desse gatene! Og ingen setebelter sjolvsagt…

Og kjopesentra var DIGRE! Brukte heile dagen i berre det eine og steike, trur eg maa kjope ein ekstra koffert paa vegen heim for a faa plass til alle souvenirane eg har lyst paa! Masse bra pyntegreier og silkeskjerf, kjoler, putetrekk, buddhaer +++.

Saa det var det einaste dagen gjekk med til. Det pluss aa engste seg for den isteen med isbitar vi fekk paa den eine restauranten… Vi drakk den veldig fort, for isbitane fekk smelta. Men saa kom vi paa at kanskje det var heimelaga iste, laga av springvatn… Forhaapentlig saa var teen kokt opp forst… uffamei! no var vi litt dumme..!

Dag 2 – Ankomst Bangkok

Saa, den store forskjellen mellom aa reise paa okonomi og business-klasse er at paa forstnevnte saa kan flyturen ikkje vere over ferdig nok, mens paa business saa kan vi godt fly litt til ;) Ikkje at vi landa heilt utkvilte, det er fremdeles eit sete vi ligger paa, men det var ganske behagelig altsaa!

Kl 1500 Bangkok-tid stod vi paa Bangkok-jord. I immigrasjonen var det absolutt ingen sporsmaal om naar vi skulle dra igjen ut av Thailand (saa takk for det Finnair) og bagasjen kom superfort. Det einaste problemet var at vi raskt skjonte at det fins INGEN minibankar der ein kan ta ut USD, berre thai baht, som saa maa veksles av ein mann i ein skranke. Dvs betale vekslingsrate 2 gangar antakeleg. Greit aa vite til neste gang. Men saa fann vi oss ein Public Taxi, veldig fargerik, med ein tilsynelatande utaalmodig og faamelt sjaafor som ba oss om penger for kvar bomstasjon. Veldig ryddig og grei. Innsaag fort at han ikkje kunne engelsk i DET HEILE TATT (det gjelde forresten generelt i Bangkok). Problemet kom daa vi skulle kommunisere kor hostellet vaart var. Karta i guideboekene vaare var altfor grove til at hverken vi eller han skjonte noko som helst, og daa vi viste den nedskrevne adressa saa saag han berre uforstaande paa oss. Doh, han skjonte sjolvsagt ikkje ukapitelert latinsk alfabet! Saa tilslutt skreiv vi ned hostellnavnet i store bokstavar paa lapp som han tok med og gjekk litt rundt i gata for aa spoerre folk om hjelp. Bra servis! Tuva var redd han skulle kaste oss ut fordi vi var saa mykje problem, men ingen fare. Daa han kom tilbake smilte han og lo og var skikkelig munter. Vi var jo berre 50 meter unna hostellet! Daa han slapp oss av og kjorte, vinka han :) Slettes ingen sinna mann likevel! Det var forresten 1 time taxitur til den nette sum av 310 baht, eller ca 60 kr… Og hostellet, som var veldig fint og reint, med to senger, eget bad og A/C, kostar ca 300 kr for tre netter, delt paa to pers… Budsjettet burde holde ganske greit iom at Bangkok er den dyreste byen vi skal bo i! Etter deilig 30 krs  middag var det rett i (hard) seng. No er turen begynt paa ordentlig!