Dag 17 – Vietnam – Nha Trang

Dagen begynte tidleg, daa vi skulle avgaarde til Nha Trang med saakalla “sleepah bah”, og kjent som sleeper bus, eller sovebuss paa godt norsk (Det at sovebussen gjekk om dagen er visst ikkje saa noye). Maa sei at paa dette omraadet saa er vietnamesiske busselskap waaay forbi busselskapa i Norge! Konseptet med sleeper bus er at bussen er innreda med koysenger, to i hogda, og tre stk i bussbreidda, med ein trang gang i mellom. Og seta er altsaa senger, med muligheit for aa slaa opp ryggen til sitteposisjon. Dei mest behagelege 9 timane med buss EVER! Tuva hadde litt problem med klaustrofobi der vi laag i 2. etasje tett under taket, men eg syns heile turen var heilt knall :)

Eniveis, vi kom fram til Nha Trang i 7 tida paa kvelden. Det gjekk opp for oss at byen er vesentleg storre enn vi har blitt forespegla av reisebokene vaare, rundt 350 000 menneske bor her. Vi kom oss ned til det vi antar er sentrum, i allefall veldig naer stranda. Vi hadde lurt litt paa kvifor vi var dei einaste vestlege folka paa bussen hit, og vi forstod fort kvifor. Viser seg at akkurat dagen idag er den dagen daa samtlege vietnamesarar reiser paa strandferie (etter omlag 3 dagar med familien under nyttaarsafta). Saa *alle* hotella, hostella, guesthouses, over alt var fullt. Vi endte opp med aa bli ganske desperate og daa vi fekk tilbud om aa sove paa gangen free of charge paa eit hostell saa takka vi veldig takknemlig ja. Av alternativ tipsa ein motobike-forer oss om aa sove paa stranda, men daa maatte vi bytte paa at ein sov mens den andre holdt vakt… Etter ein billig og god middag drog vi til hostellet, mentalt forberedt paa flisgulv, men saa viste det seg at dei hadde faatt ordna saann at vi kunne krasje paa rommet hos 4 svenske jenter som hadde ei seng til overs. Saa det var jo slett ikkje verst! Spesielt folte vi oss heldige med tanke paa dei 7 andre turistane som sov henholdsvis i lobbyen og i trappeoppgangen… Men vi klarte aa finne eit (dyrt) hotell aa bo paa fraa i morgon av, saa det blir jo styr paa stell.