T-2 dagar

Eg har sjølvsagt klart bragden å  bli forkjølt i nær siste liten. På onsdag fekk eg akutt ondt i halsen, og 24 timar seinare låg eg i sofaen med feber og snørr. Må sei at det ikkje frista i det heile å dra på jobb igår, men i og med at eg skal vere borte 6 veker så følte eg eit visst press på å bli ferdig med det eg hadde lovd prosjektet mitt. Heldigvis er formen raskt stigande! Hosting og harking skal ikkje få holde meg heime. Spesielt ikkje no når eg har gått rundt og sagt til *alle* at eg skal på tur.

Eniveis, eg og Tuva har lagt oss råd nr 1 for backpackere på hjertet: Ikkje overplanlegg turen. Vi har laga oss ei rimelig grov skisse av ei reiserute, med maks antal dagar pr land (tru det eller ei, 6 veker er jo nesten ingenting!). Så, ruta går noko sånn som dette:

Avreise Oslo 1. feb

Thailand ca 4 dagar
– sightseeing i Bangkok m/omegn mens vi skaffar oss visum tilVietnam

Kambodsja ca 10 dagar
– buss til Siem Reap
– Minst to dagar i Angkor Wat! (Her skal kameraet få kjørt seg ;) )
– Buss (eller Bamboo train? :) ) til hovudstaden Pnom Penh
– Strand og avslapping i Sihanoukville

Vietnam ca 2 veker
– Buss til Ho Chi Minh City (bedre kjent som Saigon)
– Henge i HCMC til vi får oss togbillett nordover
– Tog langs kysten med stopp innom kanskje Nha Trang (bade!), Hoi An (skredder!), Hue (sjå!)
– Toglinja stoppar i hovudstaden Hanoi
– Båttur i Ha Long Bay

Laos ca 10 dagar
– Fly frå Hanoi til Luang Prabang
– Loffe sørover til Vientiane

Thailand, igjen, antakeleg direkte til flyplassen i Bangkok

Ankomst Oslo – 15. mars!

Reiserute
Reiserute, Thailand -> Kambodsja -> Vietnam -> Laos -> Thailand