Dag 19 og 20 – Vietnam – Nha Trang

Dag 19: Det var overskya idag og etter mange timer paa hotellrommet med aa prove aa motivere seg til aa gi byen ein sjanse, drog vi ut paa spasertur. Maalet var eit tempel, Long Song, ca 30 minuttar gange unna. Maa sei at byen faktisk blei kjipare og kjipare di lenger vekk fraa hotellomraadet vi kom. Forsopla gater, tett trafikk og absolutt ikkje noko fine bygningar langs vegen. Tempelet var heller ikkje noko saerleg aa skrive heim om; bygd paa 60-talet og stort sett som alle andre vi har sett. Men artig var det daa ei gruppe kinesiske menn ville ta bilde av Tuva og meg framfor ein liggande Buddha… Fekk ikkje heilt med oss akkurat kvifor vi var saa spennande. Kanskje fordi Tuva var hogare enn alle dei karane? ;p

Eksotiske Tuva

Aa ta bilde med Tuva var stas for kinesarane. Legg merke til at karen staar paa taerne...

Dag 20: Bedre vaer idag. Etter utsjekk av hotellet 12 saa drog vi ned til stranda for aa slaa ihel litt tid. Klarte aa bli sann flekkvis solbrent paa leggen, ganske ubehageleg, men det stod i stil til alle dei store hovne og raude myggstikka mine. Saa satt vi saann 5 timer paa restaurant (fraa lunsj til middag faktisk!) og skreiv postkort til nokon av daakker heldige (to) lesarar. Eigentleg ein ganske fin dag! Typisk daa, den siste dagen vaar. Likevel, godt forsok Nha Trang, men eg trur likevel ikkje eg kjem tilbake hit altsaa!

Saa var det tid for aa stikke til toget. Vi var ganske spente paa om svarteborsbillettane vaare holdt maal. Men vi var rimelig sikre paa at vi hadde faatt rett billettklasse (til blodpris sjolvsagt) for vi hadde spurt litt tilfeldige forbipasserande vietnamesarar om dei kunne lese til oss kva som stod paa billetten..! Ventinga paa togstasjonen var ein opplevelse i seg sjolv, men heldigvis saa snakka dei damene som jobba der rimelig bra engelsk, saa vi fann tilslutt ut kva for ein perrong vi skulle staa og vente paa (rett nok saa stod det ikkje mellom saa veldig mange akkurat..!) Men! Verden er liten gitt :) Eg gjekk bort til eit vestleg par fraa Australia for aa sporre om dei var i samme baat (evt tog) som oss, og saa viste det seg at det var dei heilt bokstaveleg talt: Vi skulle nemleg dele sovekupe med akkurat dei to! Funny shit altsaa. Av alle dei andre vestlege som var der saa klarte eg aa velge akkurat dei :)

Elles saa var togturen heilt utrulig daarlig. Snakk om humpetittentei altsaa. Skittent var det og. Tuva hadde jo nokon issues med bussen saa ho prover saa godt ho kan aa faa ein positiv spinn paa togopplevelsen, men eg trur ikkje paa ho…

Dag 18 – Vietnam – Nha Trang

Etter ei over alle forventingar bra natt saa var det paa tide aa komme oss til stranda. Det var jo trass alt heile poenget med aa dra hit i det heile! Etter aa ha lest at Nha Trang er “the top beach resort in Vietnam” og har “pristine beaches” med “soft yellow sand”, saa hadde vi hoge forventingar. Snakk om aa bli skuffa..! For aa sitere ei kanadisk dame vi overhorte under middagen saa “I wish someone had told me how it really was here, I would never have come”. Greit nok at Sihanoukville var *utrulig* deilig, men herregud, har ikkje sett saa skitne strender nokon plass. Blodpris for solseng og altfor store bolger til at vi eingong gidd aa vurdere aa ta ein dupp i sjoen. Heldigvis er det ikkje meir enn saann 25 grader og overskya, saa det er jo ikkje behov for aa kjole seg ned i sjoen heller (fair enough, skal ikkje skylde vaeret paa byen). Hadde det no berre vore andre ting aa ta seg til her istadenfor… Ja for eksempel aa reise paa Booze Cruise til oyene for aa snorkle! (Jeiii…) Aa dra paa egenhand med dei lokale ferjene til oyene er visstnok ikkje mulig, i folge reisebyraa saa vil ikkje dei ta med seg turistar. “If something happens with you onboard (som at dei kantrer) they will get in real trouble (skulle no tru at det var trobbel uansett om det var vestlege eller lokale som hamna i sjoen)”. Mulig at dette var berre ei skrone for aa lokke oss til aa bli med paa den andre, double price baatturen som reklamerte seg sjolv for aa ikkje vere Drinking partyboat. Kort sagt saa vil vi vekk herfra ASAP. Det er berre for kjip strand og for dyrt aa gjere paa andre ting (overprising pga nyttaar sjolvsagt).

Nokon artigheiter opplevde vi idag dog. Til domes, viss du lider av forstoppelse og har gloymt at ordet for medisinen du treng paa apoteket er “laxative”, saa fungerer det veldig bra aa peike paa ei eske Immodium (for akutt diare) og seie “Opposite! We need opposite!”. Og saa kjopte vi togbillett vekk herfra paa svarteborsen. Det er visstnok bra butikk i aa kjope opp alle togbillettar og saa selge dei til reisebyraa med eit saftig prispaaslag… Urk, haaper neste stopp Hoi An blir bra.

Dag 17 – Vietnam – Nha Trang

Dagen begynte tidleg, daa vi skulle avgaarde til Nha Trang med saakalla “sleepah bah”, og kjent som sleeper bus, eller sovebuss paa godt norsk (Det at sovebussen gjekk om dagen er visst ikkje saa noye). Maa sei at paa dette omraadet saa er vietnamesiske busselskap waaay forbi busselskapa i Norge! Konseptet med sleeper bus er at bussen er innreda med koysenger, to i hogda, og tre stk i bussbreidda, med ein trang gang i mellom. Og seta er altsaa senger, med muligheit for aa slaa opp ryggen til sitteposisjon. Dei mest behagelege 9 timane med buss EVER! Tuva hadde litt problem med klaustrofobi der vi laag i 2. etasje tett under taket, men eg syns heile turen var heilt knall :)

Eniveis, vi kom fram til Nha Trang i 7 tida paa kvelden. Det gjekk opp for oss at byen er vesentleg storre enn vi har blitt forespegla av reisebokene vaare, rundt 350 000 menneske bor her. Vi kom oss ned til det vi antar er sentrum, i allefall veldig naer stranda. Vi hadde lurt litt paa kvifor vi var dei einaste vestlege folka paa bussen hit, og vi forstod fort kvifor. Viser seg at akkurat dagen idag er den dagen daa samtlege vietnamesarar reiser paa strandferie (etter omlag 3 dagar med familien under nyttaarsafta). Saa *alle* hotella, hostella, guesthouses, over alt var fullt. Vi endte opp med aa bli ganske desperate og daa vi fekk tilbud om aa sove paa gangen free of charge paa eit hostell saa takka vi veldig takknemlig ja. Av alternativ tipsa ein motobike-forer oss om aa sove paa stranda, men daa maatte vi bytte paa at ein sov mens den andre holdt vakt… Etter ein billig og god middag drog vi til hostellet, mentalt forberedt paa flisgulv, men saa viste det seg at dei hadde faatt ordna saann at vi kunne krasje paa rommet hos 4 svenske jenter som hadde ei seng til overs. Saa det var jo slett ikkje verst! Spesielt folte vi oss heldige med tanke paa dei 7 andre turistane som sov henholdsvis i lobbyen og i trappeoppgangen… Men vi klarte aa finne eit (dyrt) hotell aa bo paa fraa i morgon av, saa det blir jo styr paa stell.