Dag 23 og 24 – Vietnam – Til Hanoi

I dag var det paa med sekken igjen. Vi skulle ta tog fraa Da Nang til Hanoi, ein 16 timers togtur. Vi hadde skaffa oss sovekupe igjen, noko som var relativt komfortabelt paa dagtid sidan den eine senga nede var ledig. Saa fraa kl 13 til 22 gjekk tida relativt fort og smertefritt. Men natta blei heilt forferdeleg daarleg. Heilt utrulig at toget kan riste saa masse og likevel holde seg paa dei smale skinnene (halve breidda av tbaneskinnene heime!). Det var og litt distraherande at konduktoren kom inn i kupeen og la seg til aa lese avis og sove paa den ledige senga… Heh, skal ikkje sei noko paa at dei ikkje er pragmatiske her :)

5 om morgonen kom vi fram til Hanoi. Vi hadde allerede booka to senger paa sovesal i eit veldig kult gjestehus her, saa vi hadde heldigvis ein plass aa gaa til. Var ganske sliten saa det var godt med ein liten honeblund paa tv-rommet. Utforskinga vaar av Hanoi begrensa seg til aa leite etter eit supermarked, som var ein stor skuffelse. Vi er heilt desperate etter aa finne grovt brod (i motsetning til det ekle loffbrodet dei har her), og det beste saa langt har vore importert rugbrod ala pumpernickel. Men steike vanskeleg aa finne! Paa brodferden vaar stirra vi doden i kvitauget opp til fleire gonger daa vi kryssa gatene. Det er overhodet ingen som gidd aa bremse ned, dei berre svingar rundt. Veldig ekkelt aa vere omringa av bilar og mopedar som susar forbi. Generelt virkar det som om vietnamesarar har det veldig travelt med aa komme seg fraa A til B. Skubbar folk i ko, sniking og dytting viss dei syns du gaar for sakte. Bestemte oss for aa berre droppe sightseeing i Hanoi, det er berre for mange vegar aa krysse. Heldigvis har hostellet massevis av piratkopiDVDar :p

Dag 19 og 20 – Vietnam – Nha Trang

Dag 19: Det var overskya idag og etter mange timer paa hotellrommet med aa prove aa motivere seg til aa gi byen ein sjanse, drog vi ut paa spasertur. Maalet var eit tempel, Long Song, ca 30 minuttar gange unna. Maa sei at byen faktisk blei kjipare og kjipare di lenger vekk fraa hotellomraadet vi kom. Forsopla gater, tett trafikk og absolutt ikkje noko fine bygningar langs vegen. Tempelet var heller ikkje noko saerleg aa skrive heim om; bygd paa 60-talet og stort sett som alle andre vi har sett. Men artig var det daa ei gruppe kinesiske menn ville ta bilde av Tuva og meg framfor ein liggande Buddha… Fekk ikkje heilt med oss akkurat kvifor vi var saa spennande. Kanskje fordi Tuva var hogare enn alle dei karane? ;p

Eksotiske Tuva

Aa ta bilde med Tuva var stas for kinesarane. Legg merke til at karen staar paa taerne...

Dag 20: Bedre vaer idag. Etter utsjekk av hotellet 12 saa drog vi ned til stranda for aa slaa ihel litt tid. Klarte aa bli sann flekkvis solbrent paa leggen, ganske ubehageleg, men det stod i stil til alle dei store hovne og raude myggstikka mine. Saa satt vi saann 5 timer paa restaurant (fraa lunsj til middag faktisk!) og skreiv postkort til nokon av daakker heldige (to) lesarar. Eigentleg ein ganske fin dag! Typisk daa, den siste dagen vaar. Likevel, godt forsok Nha Trang, men eg trur likevel ikkje eg kjem tilbake hit altsaa!

Saa var det tid for aa stikke til toget. Vi var ganske spente paa om svarteborsbillettane vaare holdt maal. Men vi var rimelig sikre paa at vi hadde faatt rett billettklasse (til blodpris sjolvsagt) for vi hadde spurt litt tilfeldige forbipasserande vietnamesarar om dei kunne lese til oss kva som stod paa billetten..! Ventinga paa togstasjonen var ein opplevelse i seg sjolv, men heldigvis saa snakka dei damene som jobba der rimelig bra engelsk, saa vi fann tilslutt ut kva for ein perrong vi skulle staa og vente paa (rett nok saa stod det ikkje mellom saa veldig mange akkurat..!) Men! Verden er liten gitt :) Eg gjekk bort til eit vestleg par fraa Australia for aa sporre om dei var i samme baat (evt tog) som oss, og saa viste det seg at det var dei heilt bokstaveleg talt: Vi skulle nemleg dele sovekupe med akkurat dei to! Funny shit altsaa. Av alle dei andre vestlege som var der saa klarte eg aa velge akkurat dei :)

Elles saa var togturen heilt utrulig daarlig. Snakk om humpetittentei altsaa. Skittent var det og. Tuva hadde jo nokon issues med bussen saa ho prover saa godt ho kan aa faa ein positiv spinn paa togopplevelsen, men eg trur ikkje paa ho…