Dag 14 – Kambodsja – Phnom Penh

Idag stod vi tidleg opp (sukk) og drog sammen med 3 andre turistar i tuktuk til Cheoung Ek litt utanfor byen. Denne plassen er og kjent som The Killing Fields, og det er akkurat det der er. Under Pol Pot sitt vanstyre saa blei omlag 9000 menneske henretta og begravd i massegraver her paa denne enga, men dei hadde ikkje raad til aa bruke pistolkuler, saa dei maatte finne andre alternative maatar aa likvidere dei Ureine. Med ureine saa meines det saa vidt eg har forstaatt at dei ikkje var gode bonder (i kommunistisk tradisjon) sidan dei hadde utdanning, kunne fleire spraak eller berre var uheldige og brukte briller (utsagnet om “du ser saa intelligent ut med briller” faar ein heilt ny meining i lys av desse grusomheitene…). Maa sei at det er ganske sjokkerande aa laere om Pol Pot og Khmer Rouge, daa det er saapass nyleg historie (1975-1979ish). Kan ikkje sei at eg fekk med meg noko av dette i historietimene paa skulen (vi hadde ingenting om det?). Generelt saa laerer vi altfor lite (det vil vel seie ingenting) om asiatisk historie.

Minnesmerke paa The killing fields

Dette monumentet er fyllt fraa topp til botn med beinrestar og hodeskallar tatt ut fraa massegravene her

Etterpaa drog vi videre til det som var eingong ein ungdomsskule inni Phnom Penh. No er det kjent som Toul Sleng museumet, mellom 75 og 79 var det kjent som S21 og var eit fengsel/torturhus for Ureine kambodsjanere. Her henger det bilder av mange av dei som blei drept, blant anna mange unger. Babyar faktisk. Tanken var aa fjerne treet med rota og det heile. “Ikkje la barna faa leve, dei vil berre bli bitre og prove seg paa hevn seinere”. Dei som satt i dette fengselet blei etterkvart (alt fraa mellom 2mndar til 7 aar) sendte til Cheoung Ek for avretting. Totalt overlevde 7 personar S21.

Smaaungar drept av den Raude Khmer

Berre nokon av smaaungane drept av den Raude Khmer. Ugjerninga? Aa bli fodt.

Etter denne dystre starten paa dagen drog vi til det russiske markedet for aa gjere litt shopping av baade gaver og suvenirar. Dessverre var det stengt, pga nyttaar, noko som forkludra planene vaare heilt. Saa dessverre mamma, eg veit ikkje om eg faar til aa poste det postkortet herfraa som eg lovde. Seinare viste det seg dessutan at minnekortet til kameraet mitt (med 4gb bilder) har klart aa paadra seg Conficker-viruset. Hurra… Provde i fleire timar aa faa installert antivirus paa internettkafe, men det er jo saa steike daarlig inet her at det varjo bortkasta tid. Saa, idag var ein daarlig dag i Phnom Penh. Haaper det blir bedre i maarra, naar vi er paa veg vekk herfraa.

Rismarker ved Phnom Penh

Paa denne "fielden" er det berre ris, haaper vi. Rett ved bygrensa. Idyllisk avveksling (utanom det aapne kloakksystemet rett ved...)