Dag 16 – Vietnam – Ho Chi Minh City

Aa komme til HCMC var ein skikkelig opptur etter PP, spesielt etter alle dei kjipe tinga vi hadde hort om  byen: masse braakete og kaotisk trafikk (som var veldig rolig no pga nyttaar), masete og sure lokale (men dei var jo kjempetrivelige dei vi hadde kontakt med) og spraakproblem (jaja, vi har no blitt gode paa tegnspraak og engrish). Vi la ut paa ein fottur i HCMC, der vi sikta paa shoppingmuligheiter. Sjolvsagt var markedet stengt, ingen overraskelse det, og berre dei aller dyraste butikkane i det som antakeleg tilsvarar Bogstadveien var opne. Klarte aa finne ein artig liten plass likevel der vi endte opp med ein liten suvenir kvar. Vel, vi er jo jenter, og jenter shopper stort sett to ting, og veske handla vi allerede i Bangkok ;)

Nyttaarspynt

Massevis av nydelege raude og gule blomar i alle parkar og rundkoyringar. Det faar 17.mai-komiteen sitt arbeid til aa virke slett!

nyttaarspynt

Lanterner i rundkoyringa og forgylte tigrar

I morgon drar vi avgaarde til Nha Trang, som i folge alle reiseguider skal bestaa av pristine beaches og ha dei beste dykkestadane i Vietnam. Vi er i allfall klare for aa slange oss paa stranda!