Dag 23 og 24 – Vietnam – Til Hanoi

I dag var det paa med sekken igjen. Vi skulle ta tog fraa Da Nang til Hanoi, ein 16 timers togtur. Vi hadde skaffa oss sovekupe igjen, noko som var relativt komfortabelt paa dagtid sidan den eine senga nede var ledig. Saa fraa kl 13 til 22 gjekk tida relativt fort og smertefritt. Men natta blei heilt forferdeleg daarleg. Heilt utrulig at toget kan riste saa masse og likevel holde seg paa dei smale skinnene (halve breidda av tbaneskinnene heime!). Det var og litt distraherande at konduktoren kom inn i kupeen og la seg til aa lese avis og sove paa den ledige senga… Heh, skal ikkje sei noko paa at dei ikkje er pragmatiske her :)

5 om morgonen kom vi fram til Hanoi. Vi hadde allerede booka to senger paa sovesal i eit veldig kult gjestehus her, saa vi hadde heldigvis ein plass aa gaa til. Var ganske sliten saa det var godt med ein liten honeblund paa tv-rommet. Utforskinga vaar av Hanoi begrensa seg til aa leite etter eit supermarked, som var ein stor skuffelse. Vi er heilt desperate etter aa finne grovt brod (i motsetning til det ekle loffbrodet dei har her), og det beste saa langt har vore importert rugbrod ala pumpernickel. Men steike vanskeleg aa finne! Paa brodferden vaar stirra vi doden i kvitauget opp til fleire gonger daa vi kryssa gatene. Det er overhodet ingen som gidd aa bremse ned, dei berre svingar rundt. Veldig ekkelt aa vere omringa av bilar og mopedar som susar forbi. Generelt virkar det som om vietnamesarar har det veldig travelt med aa komme seg fraa A til B. Skubbar folk i ko, sniking og dytting viss dei syns du gaar for sakte. Bestemte oss for aa berre droppe sightseeing i Hanoi, det er berre for mange vegar aa krysse. Heldigvis har hostellet massevis av piratkopiDVDar :p

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *