Dag 21 – Vietnam – Hoi An

Hurra! Endeleg langt borte fraa Nha Trang, heile 9 timar med tog faktisk. Vi var ikkje akkurat utkvilte daa vi kom oss fraa togstasjonen i Da Nang til maalet vaart, UNESCO-byen Hoi An 3 mil unna saann kl 6 om morningen ein gong.  Viste seg at det var ikkje paa langt naer saa vanskeleg aa skaffe hotell som i Nha Trang, billigare var det og. Hotellet vi endte opp med var saa interesserte i aa holde paa oss at dei tilbydde oss eit “venterom” sammen med det australske paret der vi kunne dusje og ta ein lur mens vi venta paa aa faa eige rom. Etter ein liten honeblund og ein dusj saa drog vi ut for aa kikke paa Hoi An. Som aa komme til ein heilt anna verden! Her er kjempetrivelige smaa trange gater, lite folk, ingen trafikk (relativt til dei andre byane sjolvsagt) og best av alt: bokstaveleg talt HUNDREVIS av skreddarar! Saa dei fem forste timane vaare i Hoi An tilbrakte vi berre nokon faa hundre meter fraa hotellet hos tre forskjellige der vi bestilte lekre kjolar (berre fordi vi fortjener det!) og nokon fine ulljakker (fordi det er kaldt der heime ;)) Vi rakk saavidt aa gaa oss ein tur i dei tre “hovudgatene” som er del av the Old Town. Der var det skikkelig fint og pynta med masse lykter og lanterner over veien og i tre og buskar.

Koselege gater
Alle gatene i Hoi An er pynta med fargerike lanterner
Nyttarspynt
Nyttaarsbuskar fins overalt, til og med hos skredderen

Noko er kanskje pga nyttaar, men mykje henger oppe heile tida fordi kvar fullmaane saa har Hoi An ein festdag der dei forbyr alle kjoretoy og slaar av gatelysa slik at det berre er lanternene som skin. Dessverre saa er det ikkje fullmaane for vi etter vi har dratt… Men ein ting eg la merke til i dag med maanen var at han er snudd 90 grader paa det han er heime! Har aldri tenkt over at  han ser annerledes ut paa andre stadar i verden :)

Annerledesland
Maanen heng paa skeiva her borte!

One thought on “Dag 21 – Vietnam – Hoi An”

  1. Så bra at Hoi An (så rare namn dei har på byane der) er bedre enn Nha Trang :)

    Eg var ute med astro-folka på fredag (Mucho Mas/Mikrobryggeriet i Bogstadvn) og spiste på Cafe Stolen på Sofienberg med Hallvard m fl. og Tamas på laurdag. Slappa av med Left 4 Dead 2 med Anders og Erik på søndag ;)

    Forresten, du må huske å nyte at denne turen egentlig er for å feire at du vart ferdig med studia og masteroppgåva!

    Lars

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *