Dag 13 – Kambodsja – Phnom Penh

Idag var det farvel til Sihanoukville. Kjedelige greier altsaa. No er det tilbake til Phnom Penh, ein by som vi ikkje hadde noko saerleg godt inntrykk av sist, uten at det er heilt lett aa sette fingeren paa kvifor. Men vi kom oss no dit meir eller mindre begivenheitslaust. Bussen var jo saa og seie presis og greier. Vel framme saa traff vi paa ei fransk jente som ville dele tuktuk med oss til hostellet vaart. Vi hadde forhaandsbooka rom pga vi var skeptiske til kor lett det var aa faa tak i rom idag, paa nyttaarsaften og greier, saa i og med at vi endte opp med eit litt dyrt 3sengsrom saa tilbydde vi ho den eine senga. Det var igrunn skikkelig smart av oss! Ikkje berre var ho veldig trivelig, men ho hadde akkurat komt fraa Vietnam og Laos. Ho hadde lite bra aa fortelle om Vietnam egentlig, sure folk og saant visstnok, men masse bra om dei plassane vi vil til (Hoi An og Ha Long Bay daa) og enno meir bra aa fortelle om Laos. Saa kom ho med masse gode tips i forhold til buss kontra tog, prisar, shoppingmuligheiter (Silke er visst likegreit aa kjope i Laos som i Vietnam), saa som sagt, smart.

Eit av problema med Phnom Penh er at det er eit veldig udefinert sentrum for oss ryggsekkturistar. Ein kan gaa laaangt og lenge for ein finner ein bra og billig plass aa spise, eller det kan vere rett rundt hjornet. Suvenirshopping og saant skjer visst berre paa eit av nokon faa markeder som er litt her og der i byen. Dei stenger tidlig dessutan. Saa vi gadd ikkje prove aa finne paa noko idag. Vi endte opp paa rommet med ei flaske vin og sjokolade (som smaka som dei torre nugattirestane du finner nederst i boksen) og chickflicks paa StarMovies-kanalen. Der laerte eg forresten det kinesiske teikned for “nei”. Saa tv kan vere veldig educational! Som det heiter paa godt norsk. I maarra maa vi tidlig opp igjen daa vi skal prove aa faa gjort litt sightseeing.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *