Dag 11 – Kambodsja – Sihanoukville

Hurra! Endeleg kunne vi sove til vi ikkje lenger orka. Merkelig nok saa har eg og Tuva nokonlunde samme sovnrytme no, noko som igrunn er veldig fint. Husker daa vi reiste til Portugal i 2005 og eg holdt paa aa do paa meg av sovnmangel mens ho putra og snorka gode 8timer kvar natt. Vel, det var kanskje ein viss fare for at Tuva ogsaa kom til aa do, sakte kvelningsdod av ei pute… Sovnmangel skaper monster, saa best aa sove ut no desse dagene mens vi kan.

Det einaste aberet no for tida er Vietnam. Vi fekk nylig nyss om at heile Vietnam stopper opp minst 1 veke under kinesisk og vietnamesisk nyttaar. Tilfeldigvis er desse dagene samtidig, den 13. februar. Og mandag 15. var dagen vi hadde tenkt aa dra inn. Viss ikkje vi gjer det saa detter heile reiseplanen i knas. Pluss at vi har gleda oss til aa dra dit sjolvsagt. Bade i Nha Trang, skaffe skreddersydde kle i Hoi An, baattur i deilige Ha Long Bay. Nei, vi berre maa ta sjansen paa at det skal gaa bra og at vi ikkje blir stranda ei heil veke i Ho Chi Minh (for daa maa vi hoppe over nokon av desse tingene). Heldigvis blei vi lettere til sinns etter nokon timar paa deilige Otres Beach! Nok ein straalande dag med kem-gidder-aa-telle grader. Kambodsja er merkelig frodig og gront for saanne temperaturar eigentleg. Skog og palmer overalt. Til og med litt gras her og der. Ikkje noko som dei solsvidde middelhavslanda (ikkje at eg har vore ved saa mange av dei daa, men). Resten av dagen gjekk med til forhaandsbooking av hostel og bussreise og fly ut av Hanoi, altfor masse mas og stress. Vietnam har saa langt vore eit skikkelig gnagsaar! Haaper virkelig det blir bra der (i allefall ikkje saa ille som alle vi har moett til no seier).

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *