Dag 9 – Kambodsja – Sihanoukville

Nok ei natt med vekkerklokka satt paa altfor tidleg, fekk berre saavidt gulpa i oss omeletten til frukost for vi matte komme oss til bussen kl 7. Overraskande nok saa kom vi fram til beach resort-byen Sihanoukville etter berre 4 timar koyring, 1 time for skjema! Klager ikkje paa det akkurat. Hadde ikkje faatt bagasjen ut av bussen for vi var omringa av orten ulike transporttilbud. Viser seg at her saa er det saakalla moto som er tingen, det vil seie aa sitte bakpaa scooter. Vi hadde jo tidlegare blitt enige om aa aldri sitte paa med ein saann punktum, heilt til vi fekk hoyre at tuktuk her koster $6! Berre fordi det er ein antydning til bakke paa veg fraa busstasjonen til hostell-omraadet liksom?! Ikkje eingang slagordet paa plakaten til bildrosjemannen fekk oss til aa godta prisen “Life is worth more than money”… Saa det blei moto til $1 paa oss :p

Vi sjekka inn paa hostel med bungalow, noko som hortes forlokkande ut i guideboka, men som var ein orliten skuffelse. Jada, det var ei trehytte med veranda, men den var ikkje akkurat myggtett, ei heller med varmtvatn (sjolv i denne varmen saa kan det bli ein kald dusja altsaa), men verst av alt var mangelen paa a/c! Trudde vi… Kakkerlakken viste seg aa verre enno litt verre…

Uansett, Sihanoukville virker aa vere ein veldig rolig avslappa by, det er i allefall ikkje noko problem aa krysse gata med tanke paa trafikken. Den er i startgropa til skikkelig turistifisering, noko vi ser av at det er fleire hostell og restaurantar enn det er mopedar. Vi fann oss no lett ein trivelig lokal khmer-restaurant der vi  spiste grilla barracuda med potetar (visstnok har dei potet i kambodsja og!). Namnam! Tuva syns det minna om tunfisk, men eg holder ein knapp paa kotelett (har blitt litt lei av aa berre spise kylling no ja). Godt var det no, spesielt for berre usle 18 kr. For ikkje aa snakke om veldig trivelig vertskap! Sukk, for eit folkeslag :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *