Dag 10 – Kambodsja – Sihanoukville

Ja, vel, NOK ein dag med vekkerklokke. Denne gongen for aa forlate kakkerlakk-reiret (okei daa, vi saag berre den eine, men han har vel brodre vel?) og flytte inn paa eit *hotell*, med alt mulig greier som varmtvatn, a/c, kjoleskap, gratis vannflaske kvar dag som kan puttes inn i kjoleskapet ooog: toflar! Ikkje nokon badekaape, men toflar er ikkje saa verst det heller. Berre eitt par toflar daa, sidan det tydeligvis er eit ettmannsrom, men senga er minst 180 cm breid, saa vi har ikkje noko problem med aa dele. Prisen er ikkje saa verst heller, berre 5$ meir enn paa forrige plass. Mulig at den gode prisen er resultat av ein liten oversettelsesfeil, men saann er det naar arbeidsstokken ikkje kan engelsk (karaoke paa tv derimot er dei gode paa, det er fast innslag i resepsjonen kvar ettermiddag).

Tuva eter frukost
Tuva venter spent paa frukost hos Romeo
LeeLee
Eg og tjommisen vaar hos Romeo, Lee Lee

Saa etter flytting, deilig og billig frukost hos Romeo (samme billige plass som i gaar) saa var det avgaarde paa leigde syklar til Otres beach. Strengt tatt var vi berre 200 m fraa stranda i utgangspunktet, men Otres skulle visst vere best. Den var iaffal skikkelig bra. Veldig lite folk og forholdsvis faa selgerdamer. Vi endte likevel opp omringa av ein gjeng av dei, med hard pruting paa voksing av leggar (etter hoflig avslag paa tilbud om massasje, pedikyr, manikyr, armband etc). Dei har ein kjempemorsom teknikk her som egentlig ikkje er voksing, men minner mest om epilasjon, berre med sytraad! Passa paa aa laere meg teknikken saa det skal eg teste ut :)

I tillegg til nye best friends paa Romeo blei vi kjent med ein globetrottande businessmann fraa USA over ein Angkor-oel igaar. Vi avtalte aa motes paa stranda idag, og saa viste det seg at han har drevet mykje med segling paa meir eller mindre profesjonell basis. Saa han tok oss med paa tur i  ein Hobie Cat, noko som var skikkelig artig! Eg satt fremst og var bolgebrytar, men vatnet her er saa varmt at det er som aa sitte i badekar, saa det var ikkje akkurat noko problem :) Ah, nevnte eg dei fine strendene her? Nydelige! Dei er lange, men ikkje saa breide, til gjengjeld saa er det langgrunt her og ikkje eit snev av verken stein eller tang. Akkurat saann eg liker det!

Hobie Cat
Kjempegoy aa vere bolgebrytar paa Hobie Cat!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *