Dag 7 – Kambodsja – Siem Reap

Nok ein gong var det tidlig opp (sovnunderskudd er saalangt stikkord paa turen), men denne gongen for aa skifte hostel til eit i sentrum. Det vi bodde paa var berre litt for usentralt og dyrt (sjolv om det var hyggelige folk og deilig basseng). Ein tuktuk-tur seinare var nytt hostell fiks og vi hadde faatt leigd oss syklar (som saag ut til aa synge paa siste verset).

Klokka 11 var vi paa veg til Angkor igjen, denne gongen for egen maskin. Det blei mange halloer og nestenfall av energisk vinking til folk langs vegkanten, kjempehyggelig! Ein anna ting som er spesielt for Kambodsja (her i nordvest i allfall) er at det er paddeflatt! Saa sykling er overhodet ikkje noko problem her. Den einaste bakken vi traff paa var opp og ned over ei bru… Superbedagelig tempo og deilig med vind i haaret.

Vi drog forst tilbake til Angkor Wat, fordi eg lovde igaar aa komme tilbake og kjope ein suvenir av ho veldig sympatiske jenta som ville ha huden min (og pengane daa saaklart). Ho blei saa kjempeglad daa ho saag oss! “You a verri good person, come back like you promise”. Etter litt pruting og prating saa kjopte eg ein 7$ Buddha (evt bodhisatwa? kem veit) i suvenir til mamma (sorry, den er tre og ikkje i gull, men den har gaatt til ein god sak, nemlig profitt til ho jenta med hjerte av gull!)

Saa var det aa sykle videre langs asfalterte, heiltheilt flate landevegar med skog paa alle kantar. Stoppa ved eit par ruinar som vi ikkje saag igaar, men saa innsaag vi at klokka var blitt 4 allerede, og sola gaar ned 6 (og det var ikkje akkurat lykter paa skranglesyklane vaare…). Vi flaut veldig fint sammen med dei lokale i trafikkbiletet, (noko kaotisk men totalt uagressiv trafikk her!) men det er like greit a ikkje utfordre skjebnen.

Saa det var pedal to the medal, iallefall saa langt ein kan sei det om ein 1-girs sykkel med korg paa styret. Problemet var berre at vi var ikkje halvvegs eingong paa den (daa vi tenkte over det) 42km (fortito kilometer) lange ruta vaar! Maatte hoppe over minst to veldig fine ruinar og berre trakke paa. Men vi rakk det! Kom fram til hostellet rett for sola gjekk ned. Baade vi og sykkel kom fram i ein heil bit. Rett nok hadde turen sin pris: Generelt utslitt kropp og sinn og antakeleg permanente sykkelseteavtrykk i rumpa.

Neste no er eitt dogn i Phnom Penh for vi drar til Sihanoukville, den offisielle beach resorten i Kambodsja. Jei :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *